fredag, desember 15, 2006

Guten og klumpfoten- Rasmus Løland strikes again

Guten med klumpfoten (tittelen er litt rar, for det er ikkje Haldor, guten, som har klumpfot, men ein gammal kall som kjem på legd i bygda)

For tida les eg Rasmus Løland. Som mange andre kanskje, tenke eg før eg gav laus, at: "jo, han var ein viktig grunnleggjar for barnelitteraturen, men kor bra er det i dag?”. Etter å ha lese mykje av Løland, er eg stum av beundring. Han skildrar barnesinnet på ein meisterleg måte, karakterane har tvil, tru, sinne, byrgskap, vondskap, og alt dette skildrar han utan å vere moralsk. Det kjem aldri ein peikefinger frå dei vaksne, ungane kjem sjølve til innsiktene om kva dei har gjort gale, og det er slett ikkje sikkert at dei ber om orsaking, eller seier at det har gjort det dei har gjort. Det er så framsynt og moderne det heile, at eg blir heilt utan ord. Det er mange gode døme på dette, og her kjem eitt av mange. Dette er ikkje mi absolutt favoritthistorie av Løland, men skildringa av denne guten som går frå å vere gullunge til å bli alvorleg slem, er presis og imponerande truverdig.
Denn forteljinga handlar om Haldor som er ein gutunge i ti-årsalderen (trur eg). Han har alltid vore så flink til å hjelpe til heime, og er aldri sein å be om nokon ting. For som han seier i byrjinga av historia:

”Aa vera kar vart det største han visste. Men aa vera unge vart det laakaste av alt i verdi, og han skunda seg aa leggja av alle dei ungevanar som fanst. Han grein aldri for maten eller leksone. Han sagde aldri nei som hine ungane, naar mor hans bad han å gjera eitkvart.”


Men så kjem den halvvaksne Aasmund til gards, og han ertar Haldor for at han er så liten, at han ikkje kan røyke, at han er så lydig og ikkje finst eigenrådig. Og då går det som det må gå, Haldor blir tverr og sur, han gjer ikkje som foreldra seier, og endå verre: han går lengre enn noken av dei andre når det gjeld å tirre stakkarslege folk, krokbøygde koner og fattiglemmar som er på legd.

Han får til sist ris av far sin for å ha plaga ein fattikar med klumpfot gong på gong, dei som har denne fattigkaren i hus, har sagt i frå at no må det bli slutt på plaginga, for klumpfotkaren var så villstyrleg sint kvar gong han kom i hus etter å ha vorte plaga slik.
Men Haldor angrar seg ikkje etter han får ris, han begynner heller å hate foreldra intenst.
Det går så langt at han ein dag resten av familien er vekk, planlegg han å plage klumpfotingen igjen. Men gammalkallen kjem gutungen i forkjøpet og gyv laus på Haldor med ein staur, og slår gutungen mest i hel. Hadde det ikkje vore for at nokre av dei halvvaksne gutane hadde vore i nærleiken, hadde Haldor vore ihelslegen.

Haldor vaknar i senga si etter å ha vore borte:

”Eine armen hans var nok avbroten og hovudet blodut og blaaslege. ”Men korleis kunde du vente anna, naar du heldt paa soleis?! Sa [mor hans] til slutt og turka seg i augo.
Han laag og kava og freista aa finna eitkvart aa orsaka seg med, men kunde ingen ting finna. Alt hadde med eitt vorte so vesalt og laakt, og alt han hadde gjenge her og streva for og gjort seg til av, hadde vorte saa meiningslaust smaat. Og for dette hadde han gjort foreldri sine imot, til han sist paa gjekk her og bar hat i mot dei… foreldri som alltid hadde vore so gode mot han. Han kjende seg so underleg liten, at han snautt vaaga aa sjaa upp, og ordi hennar mor gjekk som stikk gjenom han, endaa dei var so stille og varsame. Det var som det heldt paa aa smelta noko inni han, som lenge hadde vore tilfrose. Han laag lenge og stridde, stridde med seg sjølv- so braut han ut i ein saar graat.”

Ny Tid om bildebøker i barnelitteraturen

Her skriv Sigri Sandberg Meløy om bildebøker og barnelitteratur. Så bra å lese om slikt andre stader enn i særinteresseorgana.

tirsdag, desember 05, 2006

Nøste Kendzior er død

Nøste Kendzior er død. Mitt beste førebilde på korleis ein kan vere Nordkalottisk og Europeisk på same tid. Vere det sterkt og elegant i skrift og veremåte, ho insisterte på ei samansmelting av periferi og sentrum. Ho peika veg. Det finst for få slike, og no er den sterkaste av dei alle vekk.