fredag, november 24, 2006

Bla, bla, bla

Det siste eg seier om namn på ei stund (trur eg).

3 Comments:

Anonymous Marianne said...

Eg håpe verkeleg ikkje dette er det siste du har å seie om namn. La skrivinga di vera det fyrste steget på vegen for å gjera ignorante (?) nordmenn merksame på dei gode gamle steinknusarnamna.

Det er 16785 som har Marianne som einaste førenamn og det er alt for mange. Per 1.1.2005 var det 174 som heitte det same som sonen min. Eit år seinare var det 173 som heitte det same. Det blir stadig ferre i Noreg som heiter Skjalg og han er nok garantert å vera alleine i klassen sin.

Når det gjeld desse gamle steinknusarnamna, så har eg den oppfattinga av at dei har vore populære her på Vestlandet lengre enn i resten av landet. Eventuelt er nybakte foreldre her så redde for slekta si at dei har blitt tvinga til å kalla opp avkommet etter gamle tanter til trass for at dei likar verken tanta eller namnet.

4:16 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Skjalg er eit av favorittnamna mine! Sikkert litt fordi ein av dei store gutane nokre haugar vekk frå der eg voks opp heitte det. Eg ante ikkje at det var så få Skjalgar. Godt val!

6:02 p.m.  
Blogger Mari said...

Steinknusarnamn er eit flott ord, tykkjer eg! Sjølv er eg ikkje oppkalla etter nokon, eg heiter Mari fordi mor og far tykte det var fint og passande då eg var fyrstefødd i 1982. Etter kom Heine og Astrid. Er Astrid steinknusande nok for deg? Ho vart fødd då eg var sju, og eg var sur for at ho fekk eit stygt konsonant-namn i staden for "Emilie" og "Rosalia" som eg helst ville ha.

Eg er godt nøgd med å vere Mari, men eg kunne godt ha blitt oppkalla etter bestemødrene mine tykkjer eg. Då ville det blitt Dagrun eller Jørgina. Kanskje i kombinasjon - Dagrun Jørgina. Då hadde eg kunna knuse stein då.

10:45 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home