mandag, oktober 09, 2006

Namnet som forsvinn

Eg har ein hobby, eit rituale, eit oppheng om du vil. Eg les dødsannonsene kvar dag. Skummar ikkje desse annonsane, eg les dei nøye og sakte, ser kva, kven og kvar, om dei hadde mange barn, om dei var gamle eller unge. Men mest av alt ser eg kva dei heiter. Eg registerer at ein heil generasjon Klara døyr ut no, og spår at det blir det neste motenamnet, det som kjem no når heile småbarnsavdelinga heiter Alva, Thea, Selma og Sara og ein treng eit nytt jentenamn på fire bokstavar og kvinneleg utgong.

I dag sette eg mjølka i halsen, fordi i dag stod det at Ragnfrid var død. Ho var gammal, født i 1933, så kvile skal ho få lov til. Men det som gjorde meg fælen var at det døydde ei Ragnfrid i førre veke, ei anna ei, ho også gammal og i Aftenposten. Det handlar ikkje om at det er så mange å ta av med det nammnet at ein må rekne med at ei kvar veke er i annonsane, nei, vi er faktisk berre 180 i følge SSB, og då trur eg ikkje dei har registrert dei siste dødsfalla. Så etter alle solemerke er vi berre 178 ragnfrid-ar i landet, og tydeleg ein namnerase på veg mot grava. Eg har forsåvidt ikkje noko i mot at det er få av oss, det har alltid vore gjevt å vere aleine om namnet sitt, kjenne at eg fyller det med MEG og ikkje tre andre i klassen. Men det gjer meg opprørt å tenke på at foreldre frå alle samfunnslag ser ut til å berre gi jentene sine korte namn som sluttar på -a, når det er fleire gode namn som er meir enn ledige på marknaden! Endå meir oppildna blir eg av å sjå at gutane, brørne til jentene med korte namn som har a-ending, ofte får staute namn som Sigurd, Håvard og Øystein. Det er heilt klart at dei bibelske namna er utruleg populære blant gutar også, men der står framleis tradisjonelle nordiske gutenamn sterkt. Personleg synest eg at jentenamn på fire bokstavar og med -a på slutten er over gjennomsnittet herlege, poetiske og vakre, eg hører meir enn gjerne lyden av "klara", "sofia", "tora" og "alva", for det er utruleg vakre namn. Men eg har ei snikande kjensle, og dette er ein påstand utan grundig empiri bak seg, men likvel, eg har ei kjensle av at desse namna er så populære fordi dei er feminine og poetiske, dei tar ikkje så mykje plass, dei hørest ikkje ut som eit steinknuseri i arbeid. Er til dømes Svanhild, Sigrunn, Snefrid, Ragnfrid, Ingebjørg, Elfrid, Leikny, Herdis, Hjørdis, Unn, Frøydis, Sigrid, Signe, Gunnhild, Olaug, Idun og Aslaug lite i bruk fordi dei hørest ut som slegge og rivjern på same tid? Eller er det så enkelt at desse namna aldri blir populære fordi det ikkje var motenamn i foreldregenerasjonen? For det var jo slik til dømes Kristine kom tilbake med fullkraft, og det er slik Klara kjem til å kome, for det var högsta moten i 1909-19015, og desse gamle damene er oldemødrer og døde. Men trass i at Svanhild og Elfrid aldri har vore motenamn, trur eg dei er mindre i bruk no enn før (eg les fødsel- dåp- og konfirmasjonsannonsane også, så eg har så god oversikt ein kan få utan å vere Ivar Utne). Er desse for lite feminine til at foreldre av i dag vil ta dei i bruk? Har til og med norsklektorane slutta å gi jentene sine nordiske steinknusarnamn?

31 Comments:

Anonymous Rønnaug said...

Dette er spanande. Eg heiar på steinknusarane.
Ein gong skreiv eg til namneavdelinga i Statistisk sentralbyrå og spurde etter prognosa for Rønnaug. Namneavdelinga svara at vi kjem til å dø ut.

5:49 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Rønnaug! Det er også eit godt steinknusarnamn, ja. Om Rønnaug med sine 1023 er spådd døden av SSB, er det lite håp for dei 178 av mitt slag. Kanskje vi rett og slett må starte ein steinknusarnamnklubb. Eg hugsar ein gong eg tilfeldigvis satt ved eit bord der dei andre bordamene heitte: Brynhild, Mannfrid og Leikny. Det var ein sjeldan augneblink. Vi må kanskje starte ein slags kampanje. Eg har faktisk vurdert å skaffe meg eit påloggingsnamn for å kunne vere med i "hva skal barnet hete"-diskusjonane på nett, opptre som ei antagonistisk stemme, slå eit slag for dei meir brautande jentenamna. Men det er kanskje å dra det litt langt, eller?

6:49 p.m.  
Anonymous ellen birgitte said...

Er det lov å være med i klubben selv om man bare heter Ellen Birgitte? Eventuelt som sympatisør?

11:41 p.m.  
Blogger Frk. Hansson said...

I 2005 var det 5 barn som fikk navnet Helga. I 2004 var det ingen. Jeg er vel med i klubben for utrydningstruede navn.

12:22 p.m.  
Anonymous rønnaug said...

Å dra det litt langt, nei? Det tykkjer ikkje eg. Eg byrja straks fantasere om å skaffe meg fleire påloggingsnamn for å starte ein diskusjon der Borghild og Brynhild går sigrande ut. Ein ting er dei søte og snille namna som trass alt er skikkelege (Hjelp. Skikkelege? Kven bestemmer det? Hjernevaska steinknusarnamnungar?). Men framgangen til Lissi, Lana og Leane gjer meg berre motlaus. Kva kampanje skal settast inn der?

Steinknusarnamnklubb, det er eit godt ord.

1:40 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Helga er kanskje på oppsving? Med fem i fjor og ein trend der namna skal slutte på -a og ha fire/fem bokstavar, er det kanskje på veg til å få litt vind i segla? Det er litt over 5000 som heiter Helga, så dødsprosessen tar ei tid, men eg såg grafen for namnet, og den stupar, det er heilt riktig. Men det er i alle fall eit namn som har graf! Eg heiar på Helga. Og sjølv om nok Helga med sine 5029 ikkje kvalifiserer til klubben når det gjeld antall (fem tusen er ganske mange), så gjer det så definitivt det med gammeldamefaktoren.

Når det gjeld Ellen Birgitte, så er det mogeleg å vere støttemedlem, ja, men den viktigaste jobben kjem når du eventuelt skaffar deg avkom. Det er då den store prøven kjem, det er då steinknusarnamnklubben kjem med hjernevaskingsteknikkane sine.

5:37 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Lissi? Lana? Leane? Det hørest ut som ein kombinasjon mellom Fantomet og Tarzan sine barn. Kanskje er skal skaffe meg inngongsord.

Ragnfrid

5:39 p.m.  
Blogger Groba said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

11:04 p.m.  
Blogger Groba said...

Jeg er i sjokk. Visste ikke at SSB har sånne grafer. Vi er mange som heter Gro, men jammen er vi upopulære for tida. Er det Harlem Brundtlands feil? Enda verre er det kanskje at jeg faller mellom to stoler i "navnedebatten" på denne bloggen: Har verken steinknusernavn eller bløtt, nusselig a-navn ... Hva er en Gro?

11:05 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Med steinknusarnamn blir ein sykt opptatt av namnet sitt, så difor veit ein at SSB fører statistikk over slike ting. Gro er jo eit stort namn med åtte tusen, men eg ser jo at tilveksten er elendeg, og det er nøkternt og heimsleg, herved oppmodar vi folk til å ta namnet i bruk. At Gro Harlem B. var ein steinknusar kan det i alle fall ikkje vere tvil om.

11:47 p.m.  
Blogger HPL said...

Jeg er med i den eksklusive "2227 menn som har Hans Petter som fornavn"-klubben.
Lurer på om jeg skal invitere Hans Petter'ne på et navnestevne ...

1:03 p.m.  
Blogger Katrine K said...

Lurer på om jeg kan bli støttemedlem også, heter bare Katrine, det er ikke så veldig steinknusersk, dessverre.
Farmoren min het Eldbjørg, det er vel steinknusersk!? Det fins sikkert ingen nye jentebarn som heter Eldbjørg i dag.
Leser forresten dødsannonsene jeg også...

10:26 a.m.  
Blogger Jill said...

Føler vel at noe av det steinknuserske gikk dunken idet man sluttet å gi barn mange navn, man kunne da risikere å sitte på en tirade av steinknusere. Jeg har en onkel med følgende navn: Werner Steinar Gottfred. Hver for seg er det sikkert mye positivt å si om navnene, men sammen blir det slegge, rivjern og borr. En annen i søskenflokken fikk navnet Lillian Peggy og det må vel sies å være det siste navnet som merker seg ut, til tross for at det har nette fem bokstaver. Mine foreldre syntes, kanskje ikke overraskende (de har har mange og lange navn, min mor har tre lange for- og mellomnavn og to etternavn), at det helt store måtte være korte navn til barna sine, gjerne enstavelser. Dermed ble førstefødte tildelt tre bokstaver, jeg fikk fire, mens nummer tre fikk fem. Av dette kan man trekke konsklusjonen at om det hadde kommet et fjerde barn, ville det fått seks bokstaver i navnet, og et neste ville fått sju. Altså kan man tolerere lengre navn jo flere barn som kommer. Og her er vi selvsagt inne på selve forklaringen til hvorfor mange av steinknuser-navnene ikke er blant de mest populære på navnestatistikken - mange av dem er rett og slett for lange. Folk flest nå til dags føder i underkant av to barn, og ganske riktig, det blir bare fire bokstaver av slikt.

11:05 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Jeg tenker at kanskje nettopp fordi folk føder få barn, kunne de dra på med lange navn! Werner Steinar Gottfred er helt i ånden, kanskje skal vi ikke bare gå inn for steinknusarnamn, men også FLERE navn? Støttemedlemsskap er i aller høyeste grad lov.

Dagen i dag blei en god dag, for i Aftenposten i fødselsnotisene stod det at ei Målfrid var født! Kanskje noe er på gang!

7:12 p.m.  
Anonymous Ida Maria said...

For ein fantastisk diskusjon! Eg er av dei uheldige som vaks opp i den trua at eg hadde eit spesielt namn, Ida var ikkje av dei vanlegaste på 70-talet. Men så vart Noreg bombadert med Ida på 90-talet, og kor eg går så høyrer eg folk rope på meg (eller helst ei anna Ida fødd ein gong på 90-talet). Det vart ikkje betre då eg begynte å studere namn, og fann ut at Ida attpåtil var berre eit føreledd i tyske namn som t.d. Idaberga. Men eg har ei fattig trøst - eg er oppkalla etter mi mormors mor, som var eit skikkelig grepa kvinnfolk. Ja, eg trur ho grensa til steinknusartittel.

Men eg vil slå eit slag for dei skikkelig trauste, nordiske namna. Eg kalla difor sonen min for Magne - og på sjukehuset vart dei overraska. Hadde Magne vore ei jente hadde ho heitt Hjørdis eller Dagny eller noko i den duren - trur eg. Det er over 100 år sidan dei nordiske namna hadde sin renessanse, og no trur eg det er på tide å gjere noko med det. Så får dei berre argumentere med at dei vil ha internasjonale namn, namn som engelskmenn kan seie, namn som ikkje er så vanskelege, dei som vil det.

Og ein ting til: Fleire namn er ein god ide! På 1700-talet begynte folk i Noreg å ta i bruk fleire namn, og då fekk vi ein haug nye namn her i landet. Det var jentene som først fekk fleire namn, gutane skulle ein kanskje ikkje røre så mykje ved... Men då kunne jentene heite Anna Beatrice og sånne ting. Min favoritt er Blanceflor Catharina - Blanceflor kommer av fransk "Blanche Fleur" og betyr noko sånn som "kvit blomst". Det er kanskje ikkje akkurat eit steinknusarnamn - men eit godt norsk alternativ kunne vel vere Borgny Brynhild (som betyr "ny berging + strid og brynje"). Tenk så flott med den nye statsministeren Borgny Brynhild Idadatter, ho blir ei skikkelig steinknusarkvinne!

10:56 p.m.  
Anonymous Olaug said...

eg som alltid har tykt at namnet Olaug var så varmt og mjukt! Og ganske teit og gamaldags, men likevel

10:30 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Ida Maria, har du forska på namn, så fabelaktig! Eg har alltid vore fanatisk opptatt av namn, og skulle gjerne forska på dei, anna enn den patologiske lesinga av annonsar over døde og fødde. Kva har du funne ut? Kva var problemstillinga di?
Det med namn som skal gå i alle land er litt tullete. Eg har ein stor del av meg som er britisk, og då heiter eg: Fridley, Fridly, Rags og i spansktalande land har eg blitt Frida. Det er eigentleg kjekt å ha ulike identitetar. Det er skikkeleg fint å høre at folk tar ansvar og kallar ungane sine Magne og andre gode, norske namn.

7:41 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Olaug er eit slikt herleg steinknusarnamn; då ein sleivkjeft spurde meg om: - koffor e de sånn at adle dei unge, kvinnelege nynorskforfattarane heitte ting som Olaug, Ragnfrid og Gunnhild?
Eg hadde ikkje betre svar enn at vi var lærar- og lektorbarn frå periferien.

7:43 p.m.  
Anonymous Anonym said...

vel - det finst familiar med mange sterke namn: som min, der syskena heiter Vidar, Terje og Sissel - men foreldra Hildur og Arnfinn, og besteforeldra Alfred og Solveig + Alfred og Dagny.

Steinknusarhelsing
Familien Flint.

12:52 p.m.  
Anonymous Martin said...

Test test test.

11:09 a.m.  
Blogger Gry said...

En fantastisk diskusjon!
Ville bare bidra med et lite innspill: Min mormor og morfar het Snefrid og Fridgeir. Det er kanskje mulig at steinknuserne også finner hverandre?

10:06 p.m.  
Anonymous Ingrid said...

Jeg har en Hulda på ti. Det er det ikke mange barn nåtildags som heter. Jeg sendte Ivar Utne i SSB en e-post og spurte hvorfor ikke SSB har en tjeneste tilsvarende Dansk Statistik der de viser hvor mange som har fått hvilket navn hvert år. Veldig stas for oss navnefanatikere. Jeg nevnte også at min datter het Hulda. Han svarte at 1) Etter hans mening var SSBs nettsider veldig gode, og 2) (Dette var for fem år siden): fem barn hadde fått navnet Hulda siden milleniumskiftet, og med dette mente de (SSB) at bunnen var nådd.

Jaja. Hilsen Huldas (stolte) mor

10:51 p.m.  
Blogger Gunnhild said...

Jeg skammet meg over navnet mitt i mine yngre dager, der jeg vasset rundt i en innsjø av Kristiner og Camillaer og Benedicter og Umbro-gensere og Levis-bukser, men nå er jeg glad jeg er en steinknuser, og i nesten alle sammenhenger alene om navnet mitt. For to år siden var pappa på et julebord, der hans borddame på et tidspunkt spurte hva barna hans het. "Vegard, Gunnhild og Jonas," svarte pappa. "GUNNHILD?!?! Du kan ikke kalle ungen din for det!" var responsen. Da ble jeg enda mer glad for navnet mitt, og det tror jeg pappa ble også.

10:52 a.m.  
Anonymous Nana said...

Ein strålande diskusjon og vi er nok mange fleire enn vi trur - som les dødsannonsar. Eg gjer også det! Asbjørn, Oddbjørg, Oddhild, Ragnhild, Borgny, Lidvar, Kåre, Olaf, Ragnar, Lidvor, Rakel er eit lite utval av namn frå mi slekt. Ikkje så populære på namnestatistikken nokon av dei lenger er eg redd - ja kanskje Ragnhild. Klara er i full sving kan eg melde frå mi dotters barnehage på beste vest. Sjølv lurer ho veldig på kvifor ho måtte heite Laura og ikkje t.d. Celina og trur meg ikkje når eg seier ho er starten på ein trend :-)
Eg er redd namnet mitt ikkje er så steinknusersk av seg - sjølv om vi er få...

3:46 p.m.  
Anonymous Nana said...

... og så gløymte eg jo å melde frå om opp til fleire nyfødde jentebarn som heiter Signe på beste vest.

3:48 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Jeg vil også væra med! Jeg er en steinknuser i hjertet. Lover å bidra positivt når jeg en dag skal produsere.

Av alle navn jeg støtt og stadig ler av troner min gammalonkel, onkel Arne Franklin, som ble født våren 1945. Staut og norskt, og herlig politisk befriende. Hvorfor velge mellom fugl og fisk når man kan få begge deler?

Marte - som synes det er fryktelig trist å ikke hete Martha som gammaltanta jeg er er "oppkalt" etter.

6:42 p.m.  
Blogger mette said...

Svanhild, Sigrunn, Snefrid, Ragnfrid, Ingebjørg, Elfrid, Leikny, Herdis, Hjørdis, Unn, Frøydis, Sigrid, Signe, Gunnhild, Olaug, Idun og Aslaug -

eg er med på at Herdis er litt steinknusar. Men Idun er vel bare ein hjarteknusar? Mormor mi heiter Svanhild. Og eg håpar at eg får sjå Idun på Bislet snart igjen. Tid for den trilleturen, trur eg! Trille til Gutta på haugen, ta oss ein kopp te der ein plass!

8:19 p.m.  
Blogger Astrid Hemsydd said...

Fantastisk spennende tema.
JEg registrerer i disse tider at mitt navn, Astrid, er i ferd med å bli populært igjen. Ikke så mange som het det da jeg vokste opp på 80-tallet.

Jeg er mer enn snittet interessert i navn, og leser mangt å mye for å "følge med" på hav folk heter, skal hete og har hett. Likevel har jeg ikke landet på de mest steinknuserske navna til mine egne jenter (har tre stykk pluss en lillebror på vei). Jeg er opptatt av at de ikke skal ha de vanligste navna (holder oss unna 20 på topp og vel så det), men samtidig må man jo velge det man synes er fint!? Vi har hatt mulighet for å kalle opp både Kjellaug, Borgny, Gunn, Gjertine og Helga, men har stått over det. Men jeg synes det er flott at noen holder de gamle, gode, norske navna i hevd.

10:16 p.m.  
Anonymous Solfrid said...

Å velge noe annet enn steinknusernavn til ungene var aldri aktuelt. Og jeg vil også slå et slag for navn med æøå. Hadde vært ille om bokstavene våre forsvant, så for vi håpe det ikke blir for mye trøbbel i utlandet når ungen blir stor. Så her krabber lille Åshild rundt, og storebror han heter Thorvald.

10:48 a.m.  
Blogger Ragnfrid said...

Så bra, Solfrid! Det forpliktar å ha eit namn som sluttar på -frid! Åshild og Thorvald stod på kortlista mi då vesle Idun skulle få namn (Thorvald rauk ut av naturlege årsakar), og eg er så hjartans einig i at -æ, ø. -å må haldast i hevd. Det er same argumentasjonen folk nyttar for å gi ungane korte namn som sluttar på -a, at dei ikkje gir ungane norske namn. Eg har budd mykje i utlandet med Ragnfrid-namnet mitt, og det einaste det har skapt er som sagt mange gode kjærlenamn (Frida, Fridley, Frid, Rags osv). Astrid: namnet ditt er i sving, ja! Saman med Ingeborg og Solveig. Godt er det!

10:58 a.m.  
Anonymous Grethe said...

Jill.
Hun heter ikke bare Lillian Peggy, men Lillian Bjørg Peggy. Heftigere blir det ikke :-)

8:47 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home