onsdag, oktober 25, 2006

Meir namn

Sjå her på desse namna som var uvanlege i 1801.

Nokre av mine favorittar er:

Jentenamn:

Aldri. Følger kanskje namnetradisjonar som ein finn enkelte stader i Afrika, nemleg at ungen får namn etter situasjonen den blir fødd inn i.)


Gaula. Ja, her kan ein snakke om det performative i språket, det blir eit fæla liv med Gaula i hus.

Mjella hørest ut som stranda Mjelle utanfor Bodø, berre den kvinnelege varianten. Straks kjem Terje Nilsen med gitaren.

Gutar:

Offer

Sejer

Uff

er alle talande namn.

Det interessante er at det på denne lista finnest namn som er kjende i dag, til dømes det danske Teis, Malte (eg kjenner ein dansk Teis og ein tysk Malte) og Solan er i aller høgste grad kjent gjennom Dum Dum Boys og Solan Gundersen.


Av jentenamna har Tabitha dukka opp i amerikanske seriar og i lødig kiosklitteratur.I følge SSB 48 heiter Tabita i dag, 14 Tabitha.


Tenk å kunne heite Blostrup Corfits til fornamn, det hadde vore noko.

4 Comments:

Blogger Jorid said...

Når jeg ser på denne listen, blir det plutselig ikke så ille å hete Jorid. Grissilde hadde for eksempel vært verre. Jeg deler for øvrig navn med 1039 andre, og statistikkens tale er klar: det går tilbake med oss...

4:55 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Grissilde har eit stygt overbitt er eg redd. Jorid er med i klubben, ingen tvil!

7:45 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Eg har lest dette før, og synst utan tvil at Grevenpop er det beste jentenamnet.

M

2:25 p.m.  
Anonymous Kyrkjestyreleiaren said...

Ououg er sikkert berre Olaug skriven med skjelven prestehand.

11:15 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home