tirsdag, oktober 31, 2006

Flytteri, flyttera

No har eg flytta, eller rettare sagt: eg har blitt pendlar. Ein slik med familie og hus ein stad, og hybel og arbeid ein annan stad. Eller, interessant nok er det ikkje heilt sikkert eg har familie, for eg er ikkje gift, og då må likningskontoret bestemme om eg er pendlar med familie ein stad og arbeid og hybel ein annan stad. Sambuarar er pendlarfrådragets parikaste, saman med vidaregåandeelevar.

Eg gledde meg til austlandet mest på grunn av snøen, skiføret. Bestemte meg for lenge sia at eg skulle spare til nye ski, at det var det første eg skulle kjøpe når husleiger og flybillettar var betalt.

Og i dag snør det.
Det snør for meg, trur eg.

Eller, la meg vere ærleg: Det sklettar som ein seier i Nord-Norge, altså denne mellomtingen mellom vatn og snø.
Men likevel, eg tolkar det som ei snøhelsing til meg.

Eg gler meg til arbeidet.
I morgon tar det til.

8 Comments:

Blogger MGL said...

Her regner det og det er mørkt. Men de hevder at det kommer til å snø imorgen. Jeg lever i håpet.

6:54 p.m.  
Blogger Mikkel said...

Hun er tilbake! Hvorfor har ingen sagt det??

8:15 p.m.  
Blogger Sara said...

All mulig lykke ønskes til ditt nye liv som pendler og arbeidet:)

8:37 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Ho er tilbake og skal forsøke å gi rapportar frå einebuarlivet i Oslo. Vi talast ved, om ikkje anna over andesteika.

9:33 a.m.  
Blogger Jill said...

Du får ha lykke til med ny jobb og einebuarlivet i Oslo!

10:03 a.m.  
Blogger Jorid said...

Velkommen til Oslo og lykke til i den nye jobben! Artig å se igjen ordet "sklette", hadde nesten glemt det (etter over 20 år i hovedstaden...).

4:36 p.m.  
Blogger Ragnhild Bjorge said...

Lukke til, Ragnfrid! Du byrjar iallfall bra, med Dagblad-intervju. Likte det.

1:42 p.m.  
Anonymous Anniken said...

Det var det jeg visste, at det var en grunn til at det snødde allerede nå. Og når det var for deg, så gjør det ingenting.
Velkommen hit, og lykke til med pendling og jobb. Håper vi ses! :)

3:16 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home