Eg er tilbake
Det var feigt av meg å berre stikke, rømme bloggen utan å seie skikkeleg farvel, utan å forklare kvifor. Berre fjerne fingrane frå tastaturet, lik ein femtiår gammal ektemann berre reiser seg og går ut av ekteskapet utan eitt ord.
Eg veit ikkje kor lenge eg blir. Men eg blir her ei stund til, du kan godt ta til å lese igjen, om du vil.
SÅ skal eg då forklare kvifor, etterkvart. Men ikkje i dag. Først måtte eg klive over denne høge dørstokken eg hadde laga meg mellom bloggen og meg.

6 Comments:
Hurra!
Velkommen tilbake!
... min feedreader peb af fryd ...
jippiaiaijippijippiai!
Eg drøymde om deg i natt. Eg skulle på båttur saman med deg og MGL og eit par andre, og eg spurde deg om du skulle flytte til Oslo. Du svara at nei, Samlaget hadde lagt stillinga til Notodden. Og eg utbraut svært entusiastisk: Det er jo i Telemark!
Eg kan love deg at det ikkje blir indre telemark. Eg er og blir ein havnynorsking, ikkje fjord, sjølv om nyjobben har telemark baka inn i seg. Det med båtturen var riktig spor!
R
Legg inn en kommentar
<< Home