lørdag, september 30, 2006

Ord for dagen

- Kortvokste i ånden er vi alle, men ingen trenger av den grunn å være en etisk dverg.

Erling Aadland, KK 30.09.06

fredag, september 22, 2006

Fluger og helg

Eg har lenge hatt lyst å poste dette diktet, men eg har vegra meg, for eg ser heile tida nye tolkingar som gjer at lesaren tenkjer: - ah, det handlar om den nye jobben!
Ah! Det handlar om den gamle jobben! - Eg veit, det handlar om alt det nye, om det gamle ein forlet!

Det handlar såklart om at eg skal frå ein ting til noko anna. Frå ein by til ein anna. Eit hus til eit anna (som eg enno ikkje veit kvar er!). Ein jobb til ein annan. Eit liv til eit anna.

Eg skal hit
Det betyr at eg skal bu her.
Eg skal flytter herifrå.

Det handlar om alt dette. Men aller mest om at det er uvanleg varmt i dag, sist i september, og flugene går hausten i møte.


SMÅ FLUGER


små fluger skal også leve.
Mor deira er død.
Far deira er død.
Brør og søstre er døde.
Desse småflugene er dei siste.
Nå må dei klare seg sjølve.

Einar Økland. På frifot, 1978

(og, ja, han skriv NÅ, ikkje NO. Eg kvapp første gongen).

God helg-

mandag, september 18, 2006

Eg er tilbake

Det var feigt av meg å berre stikke, rømme bloggen utan å seie skikkeleg farvel, utan å forklare kvifor. Berre fjerne fingrane frå tastaturet, lik ein femtiår gammal ektemann berre reiser seg og går ut av ekteskapet utan eitt ord.

Eg veit ikkje kor lenge eg blir. Men eg blir her ei stund til, du kan godt ta til å lese igjen, om du vil.

SÅ skal eg då forklare kvifor, etterkvart. Men ikkje i dag. Først måtte eg klive over denne høge dørstokken eg hadde laga meg mellom bloggen og meg.