tirsdag, april 04, 2006

hjelp, jeg trenger språkhjelp

På svensk snakker man om "svanboa", hva sier man på norsk?
svanefjærboa
svanefjærsboa
svaneboa
?


Finnes det svar der ute?

En annen ting jeg virkelig lurer på, er hvorfor "beibi" ikke er en form som står i ordboka. Er det ikke lov til å skrive, eller har jeg elendige oppslagsverk?

Ja, jeg er tilbake på jobb.

8 Comments:

Anonymous Orakelet i Lærdal said...

På norsk er det som oftast "fjærboa".

1:33 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

thank you BRO!!!! Sjølvsagt visste du det.

3:04 p.m.  
Blogger Endre said...

Om "beibi", Det er laga ei utgreiing (av Helge Sandøy) om korleis ein kan norvagisere lånord. Språkrådet vedtok, eg saksar: "Prinsippene i kapittel 7 i utredningen Lånte fjører eller bunad? legges til grunn ved normering av importord.
Språkrådet mener for øvrig at norvagiseringen bør foregå i et moderat tempo hvor man tar rimelig hensyn til reaksjoner fra publikum."

I dette kap. 7 som ein altså refererer til, står det så framlegg om at anglisismar med i, ie, ee, ea, u, e, a ey, y bør få "i" som skrivemåte. Slik er det i biff, brife, frilans, gir, frik, sjanti, og så kan det verte slik i immitsj, bissniss, hitt, medi, spidometer og altså "beibi", skriv ein der.

Men så kjem jo det andre poenget i språkrådsvedtaket med at ein skal take omsyn til reaksjonar frå publikum. Den stendig meir passive språknormeringa frå Språkrådet går ut på at nokon sterke normbrukarar må take i bruk ei norm for at dei vil registrere den som korrekt. Du og Aftenposten må altså byrje å skrive "beibi" før forma kjem i ordbøkene.

Så det skulle vere utgreiinga om kvifor "beibi" enno ikkje står i dei ordbøkene du bruker.

5:06 p.m.  
Anonymous Anonym said...

tull, det heter strutseboa...

2:29 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Tusen takk, Endre, det var nett ei slik grundig forklaring eg trong. Så er spørsmålet om ein får tyn for å omsette til "beibi". Kanskje eg berre skal gjere det? Baby ser så teit og kantete ut på trykk.

9:44 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Strutseboa er vel litt meir spesifikt enn fjørboa, slik at det ikkje nødvendigvis er meir korrekt enn fjærboa. Denne boaen det her er snakk om er jo laga av svanefjør, og kan soleis ikkje vere ein strutseboa om ein skal halde seg til den svenske orginalen. Eller har ein berre strutseboa i Noreg, er boa av svanefjør bannlyst? Det eg liker med fjørboa, er at det er lettare for ein unge å sjå føre seg kva det er for noko.

9:47 a.m.  
Anonymous Orakelet i Lærdal said...

Dei fleste boaer er laga av gåsefjør eller anna tamfjørfefjør. Strutsefjørboa er prangende, nyrikt og showgirlaktig. Svanefjørsboa er mjukt, uskyldskvitt, eksklusivt og ladylike.
Dete ene "Fit for a queen", den andre "Fit for a drag queen"!

2:42 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

For dei som ikkje allereie veit det: Orakelet i Lærdal veit alt. Det har han alltid visst.

3:57 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home