torsdag, februar 02, 2006

Fabelaktig og grundig om Landet Alltid Raudt

Eg har tidlegare skrytt av de grundige bokmeldingane på barnebokkritikk.no. Denne gongen er det eg som er så heldig få ei djuptgåandeog god lesing av boka mi, Landet Alltid Raudt. Det er slik barne- og ungdomsbokkritikk skal vere, lengre tekstar som borar seg under overflata. No blei eg glad, både på eigne bokvegne og på BU-kritikkens vegne. Det var dessutan ei fin melding å få, same veka som Guri Fjellberg i BT var sånn passe nøgd med boka. Men allermest blei eg glad for barnebokkritikkmedlinga, fordi den er den første meldinga som verkeleg har skjønt prosjektet mitt. Eg er glad for at meldaren såg det.

6 Comments:

Anonymous førstelektor over seksti said...

Hei Ragnfrid!
Gratulerer med flott omtale av "Landet alltid raudt" Dette fortente boka di.
Kristin Ørjaseter har skrive ei grundig og lesverdig bokmelding som gir både innsikt og ettertanke.
Eg vil også minne om "Dobbelgjengeren" som kom i fjor, kjempespennande bok, sjå også Ørjaseter si bokmelding av boka. Begge bøkene vil vere utfordrande for dei gutane som ikkje les så mykje til dagleg.
Begge bøkene er lesbare og spennande for vaksne også. Anbefales!

5:06 p.m.  
Anonymous Ebba said...

Gratulerer vennen! Gleder meg fortsatt til å lese den. Håper alt står bra til i Køben.

10:27 p.m.  
Anonymous ragnfrid said...

Det er godt å sjå at Galnåsen x2 har kasta seg i blogginga. Heime no, men ligg med fluensa. Ute av spel.

9:00 a.m.  
Anonymous ebba said...

Galnåsen er full av overraskelser og i stadig utvikling. God bedring!

5:28 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Hei.

Ville bare si at jeg leser boka di for tvillingene mine (gutt og jente) som går i 4. klasse, og vi liker den veldig godt.

Jeg tenker at i tillegg til at det er en stemme for barn med mye sinne og aggressjon, er det en like viktig bok for barn som har disse barna i sine omgivelser. Innsikt øker toleransen, og det tenker jeg at denne boken bidrar til.
Yepp, var bare det jeg ville si.

HN

11:17 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Kjære HN! Takk for at fortel at du les boka høgt for ungane dine, det er jo der ein håper at bøkene faktisk ender, nemleg hos dei unge lesarane. Eg er heilt einig i at det er viktig for ungane i kretsen rundt dei sinte ungane å lese om dette ustyrlege sinnet, for å kunne forstå kva som skjer. Det er eigentleg rart at eg ikkje har kome på å nemne det i intervju, for ein illsint veslebror var jo ein av grunnane til at eg skreiv denen boka. Så takk for påminninga!

4:28 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home