tirsdag, januar 10, 2006

Ei ny liste til folket

Det er vel inga overrasking at eg er glad i lister (det ser ein tydeleg andreromanen min Frå null til no og på kjøleskapet heime), og her kjem ei liste til alle dei som seier at det ikkje finst gode bøker for barn og unge på nynorsk. Det er ei av desse merkelege sanningane som har blitt sagt så mange gongar, at det blir sant.
På ein skole på Sunnmøre:
Eg: Kan eg få sjå skolebiblioteket (dette er noko eg ofte spør om, fordi eg er interessert, og fordi eg likar å gi skolebibliotekaren støtte på at det bør vere mykje større satsing på skolebibliotek).
Læraren som har skolebiblioteket: De e berre nåkken hylle med bøker.
Eg: Men eg vil gjerne sjå.
(vel inne i lokalet)
Læraren: Det e bare så synd at alle de goe bøkene e på bokmål.

Eg protesterte og kom med ei rekke gode titlar frå alle mogelege forlag, som ho ikkje visste om. Først etter på slo det meg kor frekk ho var mot meg som nynorskforfattar.
Difor er det godt å kome til, ja, utlandet, der dei sitt på fransk manér og seier at dei nynorske bøkene er dei beste i Noreg. Så no gjeld det berre å spreie denne haldninga her heime.

her er lista som ligg på "gi rom for lesing". Vonarleg finn alle lærarar, elevar, foreldre og andre kreaturar fram til denne lista.
Igjen: Januar er til for lesing.
(det er herleg å vere så moralsk, og snart er det faste!).

2 Comments:

Blogger HPL said...

Et par ting jeg vil sette fingeren på:
Den manglende alfabetiseringen. Fysj og fy!

og

Hvor er Berit Vatne Viks "Dagen om natta"?

12:32 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Det betyr at vi herved kan avsløre at "Gi rom for lesing", i likhet med denne blogginhaveren, har problemet med alfabetet. Jeg trodde jeg kunne alfabetet, men det var før jeg ble samboer med en alfabetisør. Jeg har ikke lest "Dagen om natta". Kan du gi oss en smakebit (jeg regner med at dette også er en historisk roman).

1:32 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home