tirsdag, desember 20, 2005

Terningkast FEM i Nordlys!

Terningen er trilla igjen! Fem i Nordlys! Denne gongen var det ikkje berre fem auge på terningen, men ei god lesing i tillegg. Det er nett som eg tenkjer at eg heilt har mista grepet, for eg ante ikkje at boka trefte slik "kaghiiinnng!" der den skulle. No er det mest slik at eg har lyst å gå inn på Norli og Ark Beyer med kopi av meldinga og seie: "sjå her! Denne må de selge folk no til jul, den har fått terningkast fem!". Men det får halde at eg på innfall gjekk innom elskelige Norli nr. 7 (som fekk stålande melding av perm og Pocket i DN) og spurde kvifor eg ikkje fekk stå i den feite stripa av ei fantasyhylle. Forklaringa er at litteraturen opp til 12 står alfabetisk, mens den Fantasyhylla er for fantasy for dei over 12. No meiner eg at det er problematisk å ha noko tematisk og anna alfabetisk, for folk trur at alt som finst av fantasy er i den stripa, og dessutan kan boka meir enn godt finne fram til dei over tolv. Eg fekk ei god forklaring av dei greie damene som arbeider der. Men eg har framleis eit brennande ønske om den hylla. Men, folkens, eg ligg framme, eller Landet alltid raudt ligg framme, midt i lokalet i barneavdelinga på Norli Galleriet. Og alle bokhandlarar: Den har fått tre gonger fem denne boka! Juhuu!

4 Comments:

Blogger Thomas said...

Gratulerer! Vel fortjente femmere. Jeg er helt enig i at å skille fantasy for de over og under 12 er en uting. Fantastisk litteratur er langt mer alderovergripende enn den tradisjonelle barnelitteraturen! Jeg skal gå innom Nr. 7 og mase på at de lager en bredere fantasyhylle!

Thomas

1:36 p.m.  
Anonymous ragnfrid said...

Enig, Thomas. Aldersdelinga i denne kategorien blir trang og kunstig. Dessuten er det som sagt umulig for en kunde å gjette seg til at det finnes fantasy på andre steder enn den brede stripa. God jul til deg!

7:56 a.m.  
Blogger *** said...

GRATULERER på ALLE måter, ragnfrid-mi: med bokmeldinger, og ikke minst med FØDSELSDAGEN! hvor blir det av "jeg-har-bursdag"-blogge-post?

10:23 a.m.  
Blogger glassdråpe said...

Jepp, gratulerer med tretti!!!!!

10:35 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home