mandag, desember 05, 2005

Blogging i Dagens Næringsliv

Eg blei skuffa då eg skulle finne lenka til ein artikkel eg las i dagens DN, fordi saka på nett var ein tredjedel av den opphavelege papirsaka. Men dette er ståa: bloggeksperten Stéphanie Bonnet meiner norske selskap og verksemder bør starte bloggar. Problemet med artikkelen er overskrifta og ingressen. Det som kan sjå ut som hennes hovudpoeng, er at verksemdene må overvake bloggarar som skriv om selskapa deira. Men når ein les nøye, ser ein at ho meiner at bloggen er eit viktig verktøy for verksemdene, at dei må ha ein slik sjølv. Det er noko av den slettaste vinklinga eg har sett på lenge. Men som sagt, det hadde vore lettare å diskutere om den riktige versjonen av artikkelen låg ute på nett.

PS! Eg er så nøgd med Sverre Magnus-namnet. Ein gut i gata der eg voks opp heite Sverre Magnus. Foreldra skulle berre kalle han Sverre, men då protesterte brørne hans; dei hadde nett sett eit program om kong Sverre på teve, og sia han heitte Magnus, måtte veslebroren det også.
Godt dei tok til vett i kongefamilien, endeleg skikkelege namn.

Ei lita kvardagshending frå ei tid tilbake:
Eg får ei tekstmelding frå Ebba med sterke røter i Vesterålen. Der står det:
Leah Isadora, ska vi flir, eller skrik?

Då eg ikkje ante noko om kongeleg fødsel svarte eg:
Er det fødd ein ny verdsborgar i Øksnes kommune?

For deg som ikkje er særleg kjent med namnetradisjonane i Øksnes kommune og omegn kjem nokre smakebitar her:
Ju-Anita (særs populært på syttitalet, etter ein svensk song "Ju-Anita, jag vil alltid komma i håg dej")

Kem-Broger (nei, ikkje Kim-Roger)
Blake
Krystle

og andre ramsalte kombinasjonar.
God laurdagsunderhaldning er å lese "mitt distrikt"-katalogen når ein er i Vesterålen og Lofoten.

Det er lett å sjå at eg er meir opptatt av namnetradisjonar og kongehuset enn blogging.

5 Comments:

Blogger Espen said...

Ja, og det er ei god prioritering!

10:22 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Eg tenkte at du skulle kjefte på meg, fordi eg tok fram den fargerike namngivininga i Nord-Noreg. Den gong ei! Fleire gode døme på sprelske namnekombinasjonar tar eg gjerne i mot.

1:35 p.m.  
Blogger Sara said...

Glenn Rodney er en annen klassiker.

3:52 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Då må eg informere om at eg gjekk i klasse med Chriss-Roger og Glenn Tommy. I klassen over gjekk Jack-Steve. Etter å ha googla desse namna i dag, kan eg overraska slå fast at det er MINST to som har ein av desse namnekombinasjonane. Eg har alltid trudd at det var berre eit foreldrepar som hadde slik kreativitet.

5:59 p.m.  
Blogger Susanne said...

Jack-Steve? Og manden lever endnu?

1:22 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home