lørdag, oktober 01, 2005

Gratulerer med tiårsdagen, UWC i Fjalerhttp://www.blogger.com/img/gl.link.gif

Lik Dronning Sonja er eg stolt over både UWC-rørsla og skolen i Fjaler. I går var det storstilt fødselsdagsfeiring, og her er Bergens Tidende og Firda på saka. Det gler meg å lese at heile sytti prosent av de tidlegare elevane vender attende til heimlanda sine. Deter fint å tenkje på, i og med at ein stor prosentandel kjem i frå landa i sør. Dessutan er det nok eit prov på at utdanning er ein særs viktig brikke i bistandspolitikken. Gratulerer med dagen! Og til dei av dykk som går førsteåret på vidaregåande: Søknadsfristen er 1. februar. (DOBBELTSJEKK, DET KAN JO HENDE AT DATOEN ER ENDRA) Det er verdt å søke. Til deg som er yngre: søk når du er gammal nok!

5 Comments:

Blogger *** said...

gratulerer med dagen sjölv, ragnfrid!

12:51 p.m.  
Blogger Hilde said...

Gratulerer. UWC, ja. Eg hugsar at eg ein gong i tida - nærare bestemt på ungdomsskulen - hadde ei klar formeining om at eg skulle søke OG gå på UWC i Fjaler. Eg veit ikkje kva som hende, men det vart med tanken.
Eigentleg har eg ikkje tenkt så mykje på det sidan, men no, akkurat no når eg les det du skriv, så tenkjer eg på det. Tenkjer vidare: tru om det hadde endra meg, tru om eg hadde vore ein annan, gjort noko anna no, dersom eg gjekk der?

10:03 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Det er heilt umogeleg å tenkje seg korleis livet hadde vore om ein hadde gjort noko anna enn det en gjorde. Eg veit berre at særs mykje hadde vore annleis om eg ikkje hadde gått på UWC. Eg trong å flytte heimafrå, eg trong å få ein skikkeleg på kjeften, trong å få høve til å bli vaksen på eiga hand og saman med folk frå heile verda, som ikkje hadde spelt fotball i same klubben, vore interessert i dei same gutane, men folk som hadde alt frå SOS-barnebyar til adelsbakgrunn. Etter sjokket kan ein hauste på ein god måte.
Heterogenitet.
Det er ein modig måte å bli vaksen på, det å gå på UWC.

10:25 p.m.  
Blogger Elandria said...

Æ ska i alle fall søke i år. Burde gjort d allerede, men æ må først finne en dag der æ kan møte de gammle læreran mine å få dem tel å fylle ut skjema.

Håpe verkeli æ kommer inn :S Trur æ trængd, sjøl om æ trives godt på Heggen vgs. Æ har faktisk fått mæ masse vænna der:-)Hurra før "folkan":-P

8:35 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Det er enno tid igjen, Elandria! Så fint å høre at vidaregåande er ein hit. Ungdomsskolen er på mange vis ikkje anne enn ein slitsom etappe ein må igjennom, så kan ein hauste av gode folk og fine erfaringar på vidaregåande.

6:25 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home