torsdag, september 08, 2005

Pysje med alt

Eg held for tida til i Gubrandsdalen. Aldri har eg syntest denna dalen har vore så gild som denne gongen. Det kan ha med turveret å gjere, sist gong var de sno og tjue minus. Det kan også ha med folk å gjere, dei er greie her uppe. Men aller mest nøgd er eg med å ha oppdaga boka "Å prate døl". Den fekk eg presentert av ein av forfattarane, som til dagleg er lærar på Vinstra Ungdomsskole, og til alt overmål viser det seg jo at vi då er på same forlag. Det forundrar meg ikkje det spøtt at desse karane fell i smak hos "Typisk Norsk"-gjengen, humoren er upåklageleg. Her er heimesida "Pysje med alt", som var utgangspunktet for at det blei bok. Sjekk desse orda! Eg elskar Gubrandsdalsdialektane. I tillegg har dei utbreidd kasusbruk.
(denne posten kunne vore skriven mykje artigare. Men eg eg svolten og utpeist etter ein hard dag i Skole-Noreg. Nei til elevar i skolen! Neida, det var ein dårleg spøk. Enkelte syg berre meir energi ut av ein enn andre).

2 Comments:

Blogger *** said...

gudbrandsdalen er skummel, synast eg. med og utan elevar.

las om fetteren din. eg har ein fetter i bergen. ein fin fyr. lærar han og. og musikk-kritikar. håper de treffast ein gong.

9:43 p.m.  
Anonymous Rune Solhjem said...

Hei og takk for sist!
Artig at du likt bokje vår :)

Hilsen fr heinn som va lærar på Vinstra!

10:24 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home