lørdag, september 17, 2005

Over til viktigare ting

Eg skal heller snakke om viktige ting: Til dømes om korleis feberen stig ein halv grad når Petter Rudi bankar inn 4-1 mot Rosenborg, og det like etter kjem på skjermen at kjæraste Cardiff leier 1-0. Dottera til Carol på kontoret var saman med Ryan Giggs då eg gjekk på skolen i Wales. Vi venta alltid på Giggsy, utan heilt å tenkje på det faktum at dei færraste svigersøner kjem på arbeidsplassen til svigermor si. Eg er ikkje glad i Molde, men eg har respekt for at dei skårer Rosenborg ned i skorne.
Apropos skor, eg drømte nyleg at mor mi hadde kjøpt eit par nye Adidas Copa Mundial, storleik 37 1/2 på tilbod. 399 kr kosta dei, det var ein fantastisk pris.
Første paret av sorten eg nokon gong kjøpte, kosta 790 kr, eg sleit to og eit halvt par i året, og det året eg gav meg, kosta favorittskorne 1100. Eg betalte alltid sjølv, eg sparte slik at eg alltid hadde råd til eit nytt par i kenguruskinn.
I draumen sa eg til mor mi at ho kunne pakke inn skorne og gi meg dei i julegave, for det ville eg bli glad for.

Når eg ser fotballkamp på tv blir eg minna om at eg er slik laga at eg heller vil spele enn sjå på.

13 Comments:

Anonymous Geir F. said...

Det finst berre eitt lag i Wales og det er Wrexham!! (Jepp, eg har budd der.)

9:54 a.m.  

oj... eg har ikkje så sterke kjensler for Wrexham at eg måtte seie det 7 gongar... sorry for uintendert spam.

9:55 a.m.  
Anonymous Geir F. said...

oj... eg har ikkje så sterke kjensler for Wrexham at eg måtte seie det 7 gongar... sorry for uintendert spam.

9:55 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Sterke kjensler er velkomne når det kjem til fotball. Wrexham skal ha skryt for å ha den walisiske dragen i klubbskjoldet, mot Cardiffs blå fugl, men ligg ikkje Wrexham farleg nær England? Er det ikkje litt "Wales"? Heiar dei på Plaid Cymru der oppe? (det gjer dei vel, for det var vel her i stroket the English Cottage burning fann stad i si tid). Eg berre ertar. Utruleg glad for at nokon i det heile tenkjer på Wales/Cymru. Framleis god sesong.

2:02 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

En annan ting: Kva gjer ein i Wrexham Geir F.?

2:03 p.m.  
Anonymous Geir F. said...

Det var nok ikkje så erke-walisisk oppe i nord som i sør, nei. Men eg møtte nokon som kunne snakke walisisk. Veit ikkje kor intendert det var, men det tok berre ca. 1 time med buss til Liverpool og det passa jo bra sidan eg Liverpool-supportar. Eg var der som Erasmus-student i 1995 i eitt semester, for øvrig.

3:08 p.m.  
Anonymous Geir F. said...

Apropos drage, så var det morosamt å ta buss i Wrexham. Det var ganske små bussar med drage på begge sider av bussen. Og det var ikkje snor eller ringeknapp i bussen, så ein måtte rope "Next stop, please!" Og ein måtte sjølvsagt takke sjåføren for turen, "Cheers, mate!" Litt sjarmerande.

3:21 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home