torsdag, september 29, 2005

Hent meg heim! Eg ve te Bergen!

Når ein seier ordet "turné", kjem automatisk bildet av ein bandbuss, ei handfull bråkete gutar som fortel grisevitsar mens dei drikk øl rett frå flaska, eller så tenkjer ein på TurboN-gutane som aldri gjekk lei av utkledningsdagen i barnehagen, men har bytta saft og bolle med femti liter alkohol og bolle. Turné er høglytt, sosialt og natteseint. Turné er slikt som kule kompisar gjer, ein gruppe-deva-r-deva-o-deva-n-deva-k som varer i ukesvis, mens kjæraster og unger er heime og driv kvardagsliv med melk og brød på krus og fat, mens dei venter på far.

Når eg smakar på ordet turné kjenner eg ond-god einsemd, kvilelause vandringar i ukjente gater eller fjell, dårlege teveserier, joggeturar og anfall av pratesjuke. For når skoledagen er over, når eg har vore entusiastisk og ny fleire gongar på ein dag, snakka med bibliotekarar (ein rase som eg verkeleg elskar! Og dei av dykk som trur eg er ironisk no må tenkje om igjen, for eg er ein inderlegmakar, ikkje ironikar), samarbeidd med skoleungane, fått dei til å forstå eitt og anna (det trur eg, nei, det veit eg) når lyset går av for showet, er klokka framleis berre to på dagen, men hovudet sprengd i fillebitar. Det er lite fornuftig ein kan gjere med ein slik sprengskalle. Ein kan ikkje anna enn å vandre rundt, ta inn staden ein er på. Er det Vinstra i tidleg septemer går ein på fjellet, tar på seg fjellstøvlar og vandrar Peer Gynt-stigen, er det Arendal siste veka i september stirer ein på husa, den vakre, vakre byen, og blir slått av kontrasten mellom den storheita som ein gong har vore, og dei tøysteslause ungdommane som heng utanfor Rutebilstasjonen som er erstatta med eit fantastisk kulturhus/rådhus-bygg. Men det store, fine kultur- og forvaltingsbygget har tydelegvis inga kraft, for blikka til dei som heng der, vaksne som ungdommar, er tomme, og eg tenkjer at denne staden er verre enn småbyen eg voks opp i, dei tomme blikka kjem tett-i-tett, mykje tettare enn eg har sett i andre småbyar; gi dei ein Høgskole! Seier Gerhardsen i meg, men er vel ikkje svaret på alt, men her er jo så vakkert! Tenkjer eg, men veit at venleik også kan vere eit hån, å bo i ein vakker by når livet er alt anna enn vakkert, ja, nei, ja. Men desse ungdommane, dei eg har inne i timane, desse små åttandeklassingane som rekk kvarandre til midjen, dei er vakne, dei er med, og er dei ikkje med, tvingar eg dei med, og saman er vi alle med, og det kjenst fint, og eg ber inni meg om at dei tar med seg dette vakne blikket dei fekk i løpet av timen, at dei tar det med seg ut på rutebilplassen, heim i dei trøysteslause heimane dei kanskje kjem i frå, men eg veit ikkje, eg veit rett og slett ikkje. "Du de` æ så greitt atte", nei, det er ikkje det. Som den badegjesten eg er, flyktar eg inn på biblioteket, på museet, på klassisk konsert i kulturhuset, tenkjer at K frå A er heldig som kom inn i Fjaler; eg hører salongmusikk, mens den innfødte står på plassen utenfor, lent opp mot ein rutebilvegg som for lengst er vekk.

6 Comments:

Blogger MGL said...

Og nå kan du godt ta og komme hjem.

Mvh.

Far, som går hjemme med forkleet og brød på krus og fat.

9:49 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Ja, far. Tårnfrid kjem snart heim.

1:05 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Retting: For dei som kjenner Arendal godt vil kunne seie: - vent, HiA har ei avdeling i byen, ha! din arrogante forfattardækel. Jau, eg veit at sjukepleierutdanninga har avdeling her, men det er bestemt at den skal flyttast. Så då står ein her då, på Rutebilen.

1:06 p.m.  
Anonymous K fra Arendal said...

K fra Arendal er egentlig fra Froland, men elsker allikevel sommerbyen. Det er noe med den, selv om seilskutene er borte henger stoltheten igjen mellom de hvite og rode husene.Og kulturhuset er virkelig flott!!

2:19 p.m.  
Blogger Thomas said...

Takk fra alle bibliotekarer. Vi elsker deg og:-)
Flott at du reiser rundt, ingenting vekker entusiasme og interesse som en levende forfatter.

3:01 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

No blei eg rørt! Takk, Thomas. Det er få yrkesgrupper eg stoler så mykje på som bibliotekarane. Kjære K.: Det er en fantastisk vakker by arkitektonisk, både dei gamle husa, kulturhuset og biblioteket! Men det er nett dette med stoltheit: gapet mellom den stolte arkitekturen og vonløysa ein ser gatelangs. Korleis kan ein vere så trist når det er så fint? Men det er sikkert mange som ikkje er triste også, eg har treft fleire av dei også, men dei er inni desse fine bygga, på biblioteket, konsert med Arve Tellefsen, i dei koselege etestadene langs kaien! Dei andre står utanfor og kikkar inn. Det er det som gjer meg så trist, for eg tenkjer at ein stad som dette burde vere perfekt for glede og optimisme. Dette skriv eg mens eg ser utover fjorden på Tyholmen og ein amerikanar ropar inn i telefonen heile vegen til USA; han seier at det er fantastisk fint her, at han går alle stader her, at han aldri har gjort det før, han "feel great!".

4:37 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home