tirsdag, september 27, 2005

Gratisreklame for folk ein kjenner og liker, aka OPPSLAGSTAVLA

Dagens oppslag:

"Flytande bjørn av Frode Grytten vert lansert på Logen i Bergen, onsdag 28. september kl. 21:00

• Bokdusj med Frode Grytten og Finn Tokvam
• Musikk ved Karin Park
• Lysbileteshow

Flytande Bjørn er ein ”roman noir” i norsk sommarlys .

Gratis inngang

"Lukta av varm småby. Stanken frå Volvoen min. Det var vittig. No som Odda endelig var kvitt utslippa frå verket, kjørte eg rundt i ein bil som lukta død og pine. Eg rulla ned vindauget og svingte inn på vegen ved Shell. Det varme rattet var klissete av blod." "

Eg skulle gjerne vore der, istadenfor held eg for tida til i ein småby som minst to av fotlenkegjengen kjem i frå. Det er det eg alltid har sagt, det er noko skummelt med det trivelege Sørlandet.