fredag, september 30, 2005

PPS!

Men det er von. Timane eg har hatt med alt frå åttande til tiande har vore fine timar med fine ungdommar.
God helg!
No er det melk og brød på krus og fat.
Eg gler meg.

torsdag, september 29, 2005

PS! Frå konsertsalen

Men dei har Alfred Schnittke, concerto grosso nr 1, OP 88 ein torsdagskveld.
Tellefsen, Bjorå, Eriksen (på preparert piano).
600 i salen.
Det summar enno.

Hent meg heim! Eg ve te Bergen!

Når ein seier ordet "turné", kjem automatisk bildet av ein bandbuss, ei handfull bråkete gutar som fortel grisevitsar mens dei drikk øl rett frå flaska, eller så tenkjer ein på TurboN-gutane som aldri gjekk lei av utkledningsdagen i barnehagen, men har bytta saft og bolle med femti liter alkohol og bolle. Turné er høglytt, sosialt og natteseint. Turné er slikt som kule kompisar gjer, ein gruppe-deva-r-deva-o-deva-n-deva-k som varer i ukesvis, mens kjæraster og unger er heime og driv kvardagsliv med melk og brød på krus og fat, mens dei venter på far.

Når eg smakar på ordet turné kjenner eg ond-god einsemd, kvilelause vandringar i ukjente gater eller fjell, dårlege teveserier, joggeturar og anfall av pratesjuke. For når skoledagen er over, når eg har vore entusiastisk og ny fleire gongar på ein dag, snakka med bibliotekarar (ein rase som eg verkeleg elskar! Og dei av dykk som trur eg er ironisk no må tenkje om igjen, for eg er ein inderlegmakar, ikkje ironikar), samarbeidd med skoleungane, fått dei til å forstå eitt og anna (det trur eg, nei, det veit eg) når lyset går av for showet, er klokka framleis berre to på dagen, men hovudet sprengd i fillebitar. Det er lite fornuftig ein kan gjere med ein slik sprengskalle. Ein kan ikkje anna enn å vandre rundt, ta inn staden ein er på. Er det Vinstra i tidleg septemer går ein på fjellet, tar på seg fjellstøvlar og vandrar Peer Gynt-stigen, er det Arendal siste veka i september stirer ein på husa, den vakre, vakre byen, og blir slått av kontrasten mellom den storheita som ein gong har vore, og dei tøysteslause ungdommane som heng utanfor Rutebilstasjonen som er erstatta med eit fantastisk kulturhus/rådhus-bygg. Men det store, fine kultur- og forvaltingsbygget har tydelegvis inga kraft, for blikka til dei som heng der, vaksne som ungdommar, er tomme, og eg tenkjer at denne staden er verre enn småbyen eg voks opp i, dei tomme blikka kjem tett-i-tett, mykje tettare enn eg har sett i andre småbyar; gi dei ein Høgskole! Seier Gerhardsen i meg, men er vel ikkje svaret på alt, men her er jo så vakkert! Tenkjer eg, men veit at venleik også kan vere eit hån, å bo i ein vakker by når livet er alt anna enn vakkert, ja, nei, ja. Men desse ungdommane, dei eg har inne i timane, desse små åttandeklassingane som rekk kvarandre til midjen, dei er vakne, dei er med, og er dei ikkje med, tvingar eg dei med, og saman er vi alle med, og det kjenst fint, og eg ber inni meg om at dei tar med seg dette vakne blikket dei fekk i løpet av timen, at dei tar det med seg ut på rutebilplassen, heim i dei trøysteslause heimane dei kanskje kjem i frå, men eg veit ikkje, eg veit rett og slett ikkje. "Du de` æ så greitt atte", nei, det er ikkje det. Som den badegjesten eg er, flyktar eg inn på biblioteket, på museet, på klassisk konsert i kulturhuset, tenkjer at K frå A er heldig som kom inn i Fjaler; eg hører salongmusikk, mens den innfødte står på plassen utenfor, lent opp mot ein rutebilvegg som for lengst er vekk.

tirsdag, september 27, 2005

Gratisreklame for folk ein kjenner og liker, aka OPPSLAGSTAVLA

Dagens oppslag:

"Flytande bjørn av Frode Grytten vert lansert på Logen i Bergen, onsdag 28. september kl. 21:00

• Bokdusj med Frode Grytten og Finn Tokvam
• Musikk ved Karin Park
• Lysbileteshow

Flytande Bjørn er ein ”roman noir” i norsk sommarlys .

Gratis inngang

"Lukta av varm småby. Stanken frå Volvoen min. Det var vittig. No som Odda endelig var kvitt utslippa frå verket, kjørte eg rundt i ein bil som lukta død og pine. Eg rulla ned vindauget og svingte inn på vegen ved Shell. Det varme rattet var klissete av blod." "

Eg skulle gjerne vore der, istadenfor held eg for tida til i ein småby som minst to av fotlenkegjengen kjem i frå. Det er det eg alltid har sagt, det er noko skummelt med det trivelege Sørlandet.

mandag, september 26, 2005

En jämnställdhets strategi från Sverige! Lyssna grabbar och kjeier!

Fordelen med å ha vokst opp i et sparsommelig hjem hvor man dampet frimerker, bare fikk arvaklær og loppemarkedting, samlet flasker for å få lommepenger og resirkulerte melkekartonger på privat basis (jeg vet dette høres ut som shoe box-sketsjen, men det er helt sant. Vitnene er utallige), er at jeg alltid finner noe interessant etter å ha stått på hodet i papirbossdunken på Flesland, på vei inn for å rekke et fly (en Fokker denne gangen).

Dagens lektyre var den svenske avisen Dagens Industri, en avis jeg må innrømme at jeg ikke leser særlig ofte, men som jeg hadde stor glede av i dag.

Sitat: "Företagen bör ha en jämställdhetschef på heltid, likaväl som man har en säljchef. Det ska vara en ambitiös 30-årig kille från Handels och arbetet ska genomsyra hela organisationen. Först¨då kan det bli jämställt på riktigt".
Lars Engström, 51 år og konsult/consultant/konsulent.

Det er en interessant tanke, for å unngå at likestillingsarbeid blir handicap-ol. Synd, men kanskje sant. En ambisiøs NHH-type. Tenke seg til.

mandag, september 19, 2005


Tilbake til viktige ting

No, etter dette, blir det ro i byen ei stund.

Clear Channel utsatt! Altså ikke vedtatt avtale!

Clear Channel ble avvist med 34 mot 33 stemmer, og det varmer i barnetrua at Arbeiderpartiet snudde i siste liten, i lag med Venste, Pensjonistpariet og Demokratene. Stor takk til aksjonen Byen Vår, Jørgen Larsson, Jon Skjerdal og resten for god og saklig mot-jobbing. Her kan du lese hva BT skrev før stemmegivninga.

lørdag, september 17, 2005

Over til viktigare ting

Eg skal heller snakke om viktige ting: Til dømes om korleis feberen stig ein halv grad når Petter Rudi bankar inn 4-1 mot Rosenborg, og det like etter kjem på skjermen at kjæraste Cardiff leier 1-0. Dottera til Carol på kontoret var saman med Ryan Giggs då eg gjekk på skolen i Wales. Vi venta alltid på Giggsy, utan heilt å tenkje på det faktum at dei færraste svigersøner kjem på arbeidsplassen til svigermor si. Eg er ikkje glad i Molde, men eg har respekt for at dei skårer Rosenborg ned i skorne.
Apropos skor, eg drømte nyleg at mor mi hadde kjøpt eit par nye Adidas Copa Mundial, storleik 37 1/2 på tilbod. 399 kr kosta dei, det var ein fantastisk pris.
Første paret av sorten eg nokon gong kjøpte, kosta 790 kr, eg sleit to og eit halvt par i året, og det året eg gav meg, kosta favorittskorne 1100. Eg betalte alltid sjølv, eg sparte slik at eg alltid hadde råd til eit nytt par i kenguruskinn.
I draumen sa eg til mor mi at ho kunne pakke inn skorne og gi meg dei i julegave, for det ville eg bli glad for.

Når eg ser fotballkamp på tv blir eg minna om at eg er slik laga at eg heller vil spele enn sjå på.

fredag, september 16, 2005

Check out the pictures taken by a talented young man. He´s just graduated from my old school United World College of the Atlantic and is obviously tramping around the Indian sub-continent, in what I reckon is a gap year. I don´t know him, but we´re all part of the fabulously great UWC-family.

onsdag, september 14, 2005

Revolverjournalistene Bromark og Herbjørnsrud slår til igjen

Vi er mer danske enn vi tror, slår journalistene Bromark og Herbjørnsrud fast i en ny debattbok om framstillinga av Norges historie. Dette er vel ingen bombe. Selv har jeg lenge vært klar over det danskes tilstedeværelse i mitt liv.

Note: Jeg har forøvrig svekket tiltro til disse to journalistene etter at de i sin tidligere debattbok om Amerika brukte min artikkel "Amerika i oss alle" trykt i BT, som et av flere bevis på anti-amerikanisme. De isolerte utsagnet fra resten av teksten min, en tekst som problematiserte nettopp den doble holdningen som opptrer i nordmenns forhold til USA, og hvor jeg kritiserer den ensidige demoniseringen av USA som foregår i Norge. Leser man hele teksten går det klart fram at jeg IKKE er ensidig anti-amerikansk, men derimot drøfter ambivalensen.Likevel valgte de å bruke deler av materialet i artikkelen min til det motsatte. Uredelig kildebruk, eller bare dårlige leseferdigheter.

tirsdag, september 13, 2005

Sengelaus? I sengebeit? Sover du på sofaen?

Vi må si farvel til sengen vår, fordi vi oppgraderer fra Economy til Business Class. Hvis du har lyst på den, så legg igjen en kommentar eller send mail.

Just the facts, maam:

IKEAs på det tidspunkt dyreste seng, en tredelt SULTAN Skÿmning (Rammemadrass - Springfjærmadrass - overmadrass), i størrelse 120 x 200cm.



Det er en glimrende seng, og perfekt for studenter. 2 1/2 år gammel. Den kostet opprinnelig litt over 4000, men vi kvitter oss med den for rundt tusenlappen, hvis du selv kan ordne transport. Hvis du er skikkelig fattig kan vi godt gå ned i pris.

mandag, september 12, 2005

Trohaug direkte frå vallokalområdet

No har eg vore og gjort borgarplikten. Eg stod med handa over valurna, putta seddelen nedi og kjente tårene kome over augekanten. Det er ikkje ironi, eg gret faktisk over at eg bur i et demokratisk land. Kanskje gret eg like mykje over at tysdag kan kome med sjokkmeldinga om at Finn Graff-teikninga (den grove) blir til sanning. Men mest gret eg over å bu i eit fritt land. No skal vi drikke kaffi. Det gjer ein når ein har stemt. Drikk kaffi rett ved stemmelokalet og pratar kjenning med folk ein ikkje kjenner.

Morgenbladet og politiske redaktører

Åpen melding til Maria Reinertsen i Morgenbladet:

"Takk for fin gjennomgang av Bondevik I og II. Jeg fikk derimot åndenød da jeg leste at du gjennom hele artikkelen refererte til Olav Kobbeltveit som politisk redaktør i Bergens Tidende. Det er lenge siden Trine Eilertsen begynte som politisk redaktør i BT. Hun er en av svært få kvinnelige politiske redaktører i norske dagsaviser, noe som er så oppsiktsvekkende i seg selv at man burde fått det med seg. Selvsagt skjer ting fort når man skriver og glipper kan oppstå, men det er vanskelig å la være å lese dette som et symptom på at politisk kommentatorvirksomhet fortsatt er et mannsfelt. Trine Eilertsen har vært og er en tydelig politisk redaktør, som det ikke finnes grunn til å overse eller ikke vite av.
Godt valg, forresten."

torsdag, september 08, 2005

Hurra for Norsk Form-pris til familien!

Mine djupaste gratulasjonar og jubelbrøl for fetter Olav Kristoffersen og kompanjongen Geir Brendeland, som igjen gjer det stort p.g.a. Svartlamoenbygget dei laga. I går fekk dei Norsk Form-pris. Her er Aftenposten om saka. I og med at eg voks opp med pysete storebrør, var det denne fetteren og bror hans som lærte meg å kjøre off-piste på Bjørnefjell, stupe frå Nato-kaia og kjøre båt under kaia. Berre så det er sagt.

Pysje med alt

Eg held for tida til i Gubrandsdalen. Aldri har eg syntest denna dalen har vore så gild som denne gongen. Det kan ha med turveret å gjere, sist gong var de sno og tjue minus. Det kan også ha med folk å gjere, dei er greie her uppe. Men aller mest nøgd er eg med å ha oppdaga boka "Å prate døl". Den fekk eg presentert av ein av forfattarane, som til dagleg er lærar på Vinstra Ungdomsskole, og til alt overmål viser det seg jo at vi då er på same forlag. Det forundrar meg ikkje det spøtt at desse karane fell i smak hos "Typisk Norsk"-gjengen, humoren er upåklageleg. Her er heimesida "Pysje med alt", som var utgangspunktet for at det blei bok. Sjekk desse orda! Eg elskar Gubrandsdalsdialektane. I tillegg har dei utbreidd kasusbruk.
(denne posten kunne vore skriven mykje artigare. Men eg eg svolten og utpeist etter ein hard dag i Skole-Noreg. Nei til elevar i skolen! Neida, det var ein dårleg spøk. Enkelte syg berre meir energi ut av ein enn andre).