mandag, august 15, 2005

Ord delings feil igjen

Det er lov med ein glipp, ei eingongshending som resultat av overtrøyttheit, dødlinjepress og umenneskelege arbeidstider. Difor heng eg ikkje ut folk som gjer feil ein gong, men skjer det fleire gongar må eg dele ut gult kort.
Den som får gult kort i dag er Silje Midttun i BT. Dagens feil var i intervjuet med Karin Park:
favoritt utested.
Utan komma skal det stå i eitt ord: favorittutested.
Skjerpings Midttun, det er ikkje første gongen.

2 Comments:

Blogger ø said...

Einig, men utan at eg heilt kan forklare det, hadde eg ei litt anna tolking av den udelte og bindestrekslause varianten. I hovudet mitt sneik det seg inn ein ekstra "t": Favoritt-tutested?

12:40 p.m.  
Blogger Espen said...

Er ik kj e de tt e litt strengt. I militæret snakker ein om "bukse lang under" osv. Om det stod t.d.: utested favoritt, så måtte det jo etter ein slik lo g ikk vere rett. Døme: "favoritt rett". "Favoritt bil". "Favoritt favoritt" osv.

Eller kan hende det må vere "Sted favoritt" for å verte militært.

7:29 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home