tirsdag, mai 03, 2005

Under kan du sjå korleis det går når nynorskingar frå byen blir inviterte til å snakke for sjølve kommunen, den nynorske. Eg tenkte heile vegen fram til Rauland at det ikkje var så smart å reise i same bil, utruleg hyggeleg, men ikkje smart. Kongefamilien reiser ikkje saman. Men Olaug Nilssen, Linda Eide og underteikna kom godt i frå det, med unnatak av eit par uheldige og fotograferte augeblikk.