torsdag, mai 12, 2005

Tormod Haugen seksti år i dag

Eg vil nytte høve til å gratulere Tormod Haugen med sekstiårsdagen 12.mai. Etter planen skulle eg ha halde eit foredrag på mini-seminaret om Haugen, som Norsk Barnebokinstitutt og Gyldendal arrangerer i lag i dag. Eg er ufatteleg lei meg for at pollenvåren og feberen hindra meg i å kome til Oslo, og at eg for første gong i livet har avlyst noko slikt. Eit plaster på såret for dei som møter, er at min gode kollega Per Olav Kaldestad kjem til å lese høgt teksten eg hadde om Haugen i Klassekampen tidlegare i vår. Så mens eg ligg her avsvimt og kortpusta, er det berre å lese om Tormod Haugen:


DET FINST BERRE EIN TORMOD HAUGEN
1
Eg kunne ha skrive om The Passion of new Eve av Angela Carter. Den hadde fått meg til å sjå godt ut, ein skikkeleg god tekst kunne blitt krysta ut av den boka som eg eigentleg ikkje liker. Eg kunne stått på høveleg avstand frå verket og kasta fram gode og mindre gode poeng i ein jamn rytme. Det hadde blitt ein fin tekst, attpåtil skeiv og feministisk. Eg vurderte det lenge, eg vil jo sjå godt ut. Men det er for billeg, dessutan hadde alle dei gode poenga eigentleg vore tjuvgods. Eg vurderer det enno. Det er skeiv og feministisk og uhyrleg rappkjefta eg vil vere.
Joakim.
Zeppelin.
Dei gjer meg ikkje særleg rappkjefta.

2
Det er nattmorgon.
Nettene var tunge av snø og drømmer. Mamma var der. Dagene var mørke av skyer. Mamma var der hele tiden.
Det er umogeleg å sove. Ei uro ligg mellom meg og svevnen. Eg vil ikkje vekke han som søv ved sida av meg. Han har ei god ro i ansiktet; men eg kjenner ikkje ro i kroppen.
Eg seier: -Nusen ti tusen, for å få vekk kjensla av uro.
Han gav opp. Satt der bare og ventet på det grusomme som måtte skje fordi han hadde satt seg på den brune flekken.
Berre det å vite at nokon andre tel inni seg og held pusten. Tanken gjorde meg trygg som barn.
Holde pusten til den første avsatsen der trappen svinger. Da hadde ikke flekken noe makt lenger. Dukke seg utenfor den farlige døren med farlige kikkehullet.
Et øye.
Et stort, skinnende stirrende øye som aldri blunket. Det så og så og så. Natt og dag. Det så på alle som gikk forbi.
Eg ligg i nattmorgonen. Det kjenst uhyrleg å skulle prøve, forsøke å vise kva skrifta til Tormod Haugen er i stand til. Korleis den holdt meg i handa. Den gongen. No.

3
Det byrja med ein diskusjon over søndagsmiddagen. Vi hadde gjester. Ikkje slike framandgjester som ein konverserer med på Skavlandsk vis. Vi hadde heimegjester, dei ein har overnatta på sofaen hos hundre gongar, dei som kjenner innsida og utsida betre enn ein sjølve. Eg åt curry saman med dei tre som kjenner Trohaug, Ragnfrid og Rettfrid, power suit, dongeri og pyjamas.
Det er trygt i slikt selskap.

4
- No må du risikere meir, Ragnfrid, sa den eine av Heimegjestene.
- Ja, no må du skrive om nokon som står deg så nære at du ikkje har munn for det, sa den andre.
Det er slitsomt med sånt selskap.


5
Det er vanskeleg å skrive om den gode boka, den lågmælte teksten, den som ikkje skrik så høgt. Den som står for seg sjølv, men ikkje skin på openbert vis. Teksten som tar inn dei som inviterer seg sjølve på kaffi; den teksten som brenn i skolten mens ein les.


6
Dei sa det eg har tenkt lenge. At eg må skrive om Tormod Haugen.
Eg anar ikkje korleis eg skal skrive om Tormod Haugen.

7
Eg elskar Tormod Haugen. Eg veit ikkje om det er stovereint å elske Tormod Haugen.

8
Det hender eg held eg føredrag om ungdomslitteraturen før og no. Då har eg alltid ein litt artig kommentar om den pedagogiske syttitalslitteraturen. Eg dramatiserer korleis eg som unge heldt meg for øra då mor mi kom med enno ei bok i ”Alle Vi”-serien.

9
(henda opp mot hovudet, fortvila uttrykk i auga, høg stemme): - Mamma eg orkar ikkje fleire av desse ”no skal mamma og pappa-skiljast”-bøkene.

10
Eg har aldri sett på meg sjølv som skilsmissebarn.

11
Eigentleg er ”alle vi” ein vakker tittel på ein bokserie. Alle vi. Eg har gjort narr av ”Alle Vi”-serien, men eg har aldri gjort narr av Joakim, Zeppelin.

12
Eg sette meg ned meg Nattfuglane først. Den kom det året eg blei fødd, brør mine las den kanskje det året, kanskje litt seinare. Men dei hadde Alle Vi-utgåva. Eg arva den, og sette alle bøkene i serien etter kvarandre i bokhylla; oransje og blå, komplementære fargar i rad. Eg las den kanskje i –85, eller eg veit eg las den i –85. På den tida hadde eg eit raudt skrivehefte med linjer, der eg skreiv ned alle bøkene eg las. Tittel, forfattar, årstal, sidetal og forlag. Nesten alltid berre det. Av og til ein liten kommentar.

13

Tittel: Nattfuglene
Forfatter: Tormod Haugen
Sider: 133
Forlag: Gyldendal Norsk Forlag
Utgivelsesår: 1975
- Bra på en trist måte.

14
Joakim stod i entréen igjen.
Støvlene til pappa var der. Finskoene også. Treskoene var borte. Da hadde han ikke gått så langt. Frakken hang der. Skinnjakken også. Det var vindjakken som manglet. Den brukte han når han skulle ekstra langt.
Tresko og vindjakke.
Kort og langt.
Det passet ikke.

15
Eg var også lita og god på leiting.

16
Eg sette meg ned ein tysdagskveld for å lese Nattfuglene på nytt. Eg trudde eg skulle forske i eit stykke viktig, norsk barnelitteratur.

17
Forske? Rett høgre-
Meir grine tenkjer eg.

18
Det stod inga åtvaring på boka: ADVARSEL: TØFFE OG SENSITIVE VAKSENSJELER MED GODT MINNE OG SANS FOR POESI, KJEM TIL Å GÅ NED FOR TELLING NÅR DEI LES DENNE BOKA.

17
Det er 2005, det er tretti år sia Nattfuglene kom i førsteopplag, det er tre tiår sia. Det er ein heilt vanleg tysdag og kjærasten min finn meg hulkande på sofaen, med Nattfuglene i fanget.

18
- Kva er det? Spør han redd, og stryk meg over kinnet.
- Joakim, og så, og så, og så faren til Joakim, hulkar eg.
Eg gjer meg ikkje forstått, eg veit ikkje om eg nokon gong kan formidle korleis det er å bli kasta attende til kjensla av å lese bøkene om Joakim.

19
Eg trudde eg skulle ha avstand no, tjue år med avstand til lesinga og Joakim. Eg blir slengt rett tilbake. Det er ikkje det at teikninga frampå liknar far min, og jakka Joakim har på seg, ser nett ut som ein syttitalsjakke eg var belemra med heile første del av åtti-talet. Det er det også.
Men det er noko anna.
Noko som eg ikkje har ord for.

20
Fargen på desse bøkene er oransje syttitals: Faren til Joakim har nerveproblem, mora vil ta utdanning, men arbeider i ein kjolesalong for å forsørge familien. Far til Sara drikk, barnevernet er etter Roger, bror til Sara, og Julie-mora er åleine. Ein kan smile av det om ein vil. Eit ideologisk prosjekt likt alt det andre i samtida, kan ein seie. Det seier ikkje eg. Kan hende trong ein ikkje pakke så mykje samfunnsproblem inn i ein enkelt roman. Kanskje er det heilt greitt her, for det er ikkje det som ber bøkene. Romanar i same serie, som til dømes: Innbruddet på Møllestua Kafè, Kampen om Juniorklubben, Gråt da vel og Vi må stå sammen, var slike ideologiske prosjekt som ikkje har stått seg. Eg hugsar at eg likte dei då eg las dei, men ikkje slik eg likte Tormod Haugen sine bøker. Den gongen visste eg ikkje at det var noko smileframkallande syttitals ved mange av titlane i Alle Vi-serien, eg visste berre at dei ikkje gjekk i blodet som Nattfuglene, Joakim og Zeppelin.


21
Ein sjeldan gong fell kart, terreng og språk saman.

22
Teknisk sett er eg visst skilsmissebarn.

23
Det er noko ein berre kjenner. Eg fekk ei særmerkt kjensle av å lese Tormod Haugen. Den gongen visste eg ikkje kva det var. Visste ikkje anna enn at eg kjente igjen uroa, orda rann inn som oppklarande bensin på mitt eige bål. Ein treng ikkje snakke med dei levande vaksne som uansett ikkje rår over situasjonen. Ein kunne gå til Tormod Haugen.

24
Eg gret så hardt som eg ikkje har gjort på aldri så lenge, eg forbannar at eg gjer det, for det er berre ei bok, og eg skal ha ein slags distanse til det heile. Dessutan er teksten til tider litt for høgstemt, litt for poetisk. Svulstig vil nokon seie.

25
Om natten drømte han om lommetørklær med røde øyne og svarte vinger som kom etter ham og skrek og skrek.
Så var mamma der igjen.
- Hva er det med deg? Spurte hun bekymret.
Han ristet på hodet.
Ingenting.
Bare en drøm.

26
Sjølv om faren til Joakim levde, fann eg ein heim i historia. Bitar av språk eg kunne bruke til å forstå.

27
Heiter det enkebarn? Eller berre farlaus?

28
Det er klart det er høgstemt. Det er klart eg gret.
Ei påminning.

29
(Det ordnar seg på eit vis for Joakim, faren og dei andre i gata. Men ikkje på Egner-vis. Det ordnar seg som konsekvens av at det har gått galt. Kanskje kjem barnevernet og tar Roger, kanskje er det best slik. Foreldra til Joakim kjem ikkje til å finne attende til kvarandre, men det er greitt. Det er summen av alt som gjer at det må vere slik. Men mora skal utdanne seg mer, og faren taklar arbeidet i bokhandel betre enn det å vere lærar; han er ikkje hoppande lykkeleg. Han er forsiktig lykkeleg. Det held for meg. For Joakim).


30
Men det er ikkje klart at teksten står seg gjennom alle desse åra. Det er ikkje klart at den framleis verkar. Det går ikkje an å sjå Jul i Skomakergata eller lese Aurora lenger. Men det går an å lese Nattfuglene, Joakim og Zeppelin. Det går an å halde fram Tormod Haugen.

31
Ei av dei få andre bøkene eg hadde sett kommentar under, i min høgst privat initierte leselogg frå barneskolen, var Zeppelin av Tormod Haugen. Den fanst i huset vårt i fleire utgåver. Mor meinte vi burde lese, og kontrollen med kva slags bøker som fanst i heimen allereie, og kva slags som ikkje gjorde det, var ikkje så god. Det var godt å for ein gongs skuld ikkje arve eller dele, men ha si eige bok. Mi utgåve var bokklubbutgåve, brør mine delte den utgåva frå Alle Vi-serien. Boka var grøn og sommarleg på utsia. Kommentaren min var, sitat: - Veldig rar bok. Veldig rar.

32
Så rar at eg har tenkt på den mange gonger sida. Det var den som ga starten til opninga i min eigen debutroman, og det var den boka som lærte meg at ein fragmentert roman med kapitlar på berre ei linje, også er roman. Eg uttalte visstnok under lesinga av Zeppelin at det ikkje var ei ordentleg bok. Mor mi lurte på kva som fekk meg til å seie det. Eg skal ha vist henne kapittel 96:

96
Noe eget.
Ikke Ria. Ikke Otto.
Ikke Martin. Ikke Eva.
Noe eget.
Noe Nina.

33
Eit eige kapittel! Ikkje verbal i setningane ein gong! Eg kjempa med å like Zeppelin. Den glei ikkje unna som smør. Det var difor eg likte den. Den hadde piggar eg kunne bryte meg mot.

34
Det skjer ingenting i Zeppelin. Påstanden kunne vore slik. Alt som skjer i Zeppelin skjer i feltet rundt teksten, det over og under og i mellom. Difor skjer det så mye i Zeppelin.

35
Eg takkar Tormod Haugen! Gyldendal! Slik tru på lesaren! Med von om at ei lita jente evna å fylle hola i teksten sjølve. Måtte barne- og ungdomslitteraturen tore like mykje no! Og forlaga (!!!!!), bokklubbane (!!!!!), redaktørane (!!!!!), forfattarane (!!!!!)

36
Eg veit ikkje om dette gir meining i det heile. Det er vanskeleg å dele språklaus entusiasme.


37
Å tore å vere poetisk, høgstemt og eksistensiell.

38
Tormod Haugen.
Bare en
Tormod, Tormod Haugen.

( 150
- Du vet ikke hva jeg heter en gang, sa han.
- Nei, men jeg vet hvem du er, svarte hun.
Hun gled inn mellom trærne.
Stemmen nådde henne:
- Du vet ikke hva zeppelin betyr!
- Nei, ropte hun tilbake, men jeg vet hvordan det virker.
Så ble det stille.
Tilbake langs stien.
Plutselig nådde månen ned mellom trærne.
Da slukket hun lykta).

5 Comments:

Anonymous Anonym said...

Ja dette var flott!! :)

3:44 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Mange takk! Glad for å høre, virkelig.

11:00 p.m.  
Anonymous Anonym said...

skal jeg bare slenge meg på, jeg da? som et ekko av den anonymes lepper. dette var fint, innsiktsfullt, raust og fint.

hilsen silje.

11:37 a.m.  
Blogger HPL said...

Hm, egentlig finnes det 41 Tormod Haugen. I hvert fall i følge telefonkatalogen.
Kan vi ikke bli enige om å kalle ham Selveste Tormod Haugen?

Men en fin hyllest er det du har skrevet.

3:14 p.m.  
Blogger HPL said...

God bedring, forresten!

3:24 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home