tirsdag, april 05, 2005

Skytedrama utanfor vindauget

SÅ trur ein at det er ufarleg å reise på tur ut i distrikta, ein ser jo rype, sjarkar og landleg liv der ein fèr som ein emmisær langs landevegen.

Men dei veit å skape liv og røre her også, og det er ikkje kvotene det er snakk om denne gongen, nei, eg vakna i natt av ein irriterande innbruddsalarm, som plutseleg gjekk over i skyting. Då eg våga meg ut her på morgonkvisten, var det uråd å kome seg over gata,det var politi og nrk og sperringar alle vegar. Sjekk NRK for ei oppdatering på dramaet.
Håper det ikkje er en trend. Eg var nemleg på turnè i Kristiansund då ein mann skaut og kverka kona si utanfor politihuset. Det var ikkje berre det at eg var i byen, eg`strauk forbi politihuset like før det skjedde.
Men denne nord-norske tjuven fekk berre skot i foten, så han er ikkje avliden. Det var godt, for då har eg lov til å vere litt sint på han på grunn av innskrenka nattesøvn

(Her er eit lite lokalfarga dikt til tjuven: din tjyv, din tjyv, din hælsikkes bontjyv, mordi,mordi,mordi ska du heite, du ditt hau på ei kveite)
(eller kveithau som man sei).

God dag.

4 Comments:

Blogger MGL said...

Jeg blir redd for deg, baby. Pass på deg selv.

9:19 a.m.  
Blogger synnik said...

også bryte seg inn i våpenlager, men var det nødvendig å skyte?
får håpe du ikke har fått spysyken du og da, alle her har det....

10:45 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Denne kommentaren har blitt fjernet av en bloggadministrator.

7:58 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Sannelig om jeg vet hva som var nødvendig eller ikke.
God bedring til gjengen på Nightland. Ikke spysjuke her, men farlig nær.

8:31 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home