torsdag, april 14, 2005

PROVOOST OG TROHAUG SIGLAR VIDARE

Eg hadde førebudd henne på at Finnsnes var eit vegkryss og ein sugestygg bensinstasjon, og skjemd vart eg, då eg såg at det var minst to bensinstasjonar, to hotell og eit stort kjøpesenter under konstruksjon.

Ingenting er som eg hugsar det. Eg har eit klart bilde av ei gate som går rett fram, og alt ein ser er ein bensinstasjon.

Det slo meg at det er i desse omgjevnadene mange av dei unge forfattarane eg kjenner har trødd i slutten av tenåra, det er her dei har kjøpt sjokolade og drømt om dei bøkene, som dei no har ute. Heimly finst ikkje lenger. Men alle som skreiv der finst. Orda deires finst.

Ei kjensle av spenning og glede låg i meg då vi blei henta tidleg om morgonen på hotellet, klar for ein trippeldag på næraste gymnas. Eg hadde tatt på meg ullgenseren, eg var rak i ryggen og stolt då eg gjekk inn.

Etter å ha vore rundt på ei rekkje av norske skolar, veit eg ein ting: Stemninga i gangane, lufta på personalrommet, fortel deg korleis denne dagen kjem til å bli.

Å, kor eg ønskjer at denne teksten skal vere velskriven, men eg veit at eg ikkje får det til, for dette møtet med Finnfjordbotn vidaregåande var berre for stort til å tvinge inn i ord.

Provoost og eg såg på kvarande, og visste at dette kom til å bli ein bra dag, for alle var så glade for at vi kom, skivene var smurte, rektor helsa godt og norsklærarane tok oss i mot, som om vi var litteraturen sjølv som kom på besøk. Ikkje ein emmisær har fått så varm mottaking som vi fekk.

Eg sa at mor mi hadde gått her, og ein av dei eldste lærarane lyste opp, det blenkte i auga: - var ikkje ho god til å hoppe høgde? – Jau, svarte eg, det trur eg ho var, mor mi er god til det meste når det gjeld sport, ho er inga jentepyse, nei, eg har sett desse bildene av mor mi som spring orientering og hoppar og kastar og spurtar i rare gymkreasjonar frå femtitalet.

Eg kjente genseren klø godt, eg hadde tatt på meg genseren mor mi strikka til tanta mi på femtitalet, og begge har dei gått her, begge har dei lepja i seg kunnskapen på landsgymnaset her, eg kjente meg så stolt.


Eg stod foran gruppa i auditoriumet på Finnfjordbotnen vidaregåande, eg stod der og skulle opne denne dobbelttimen med Anne Provoost og meg:

Eg stod der i genseren. Sa at det var spesielt for meg å vere der, at det at eg var der som forfattar, var noko eg på mange måter kunne takke Finnfjordbotnen Landsgymnas for;

det var her mor mi fekk høve til å utdanne seg ut av småbruket, fisket og landsbygda;

det var her alle boksmartingane frå kvar bygd og grend fekk lest seg inn og over i eit anna liv.
Historia om utdanningsrevolusjonen, om lånekassen, om landsgymnaset.
Eg stod der med skjelvande røst og minna alle om landsgymnaset og vegen ut mot verda.

Gerhardsen og mormor ville vore stolt av meg der eg stod.

På toppen av det heile viste det seg at vi drakk kaffi og åt lunsj med slekta til Arvid Hanssen, og foreldra til ho i sporten.

Og elevane:
Dei skuffa ikkje, nei, dei beint ut imponerte, for det dirra interesse av lufta, og enkelte av spørsmåla var så filosofiske og gode, slike ein må tygge og strekke seg etter, at eg kjente gleda heilt ned i tærne. Eg blir glad av slike ungdommar og lærarar, slike som meiner at det er lov å strekke seg etter kunnskapen, spørje, grave og ikkje alltid forstå. Det var difor mor mi gjekk på landsgymnaset, det var difor eg tok IB-en i Wales: Vi ville stå på tærne og sjå på det som er framandt.

Det står om livet, ein må få lære. Det er det alt dette handlar om:

Men tilbake til der alt starta:
Skal ein tru nettsida til Finnfjordbotnen, var dei like nøgde med oss, som vi var med dei. Det er godt å sjå at kunnskapsanden er slik den skal vere på eit gammalt landsgymnas.

Takk for ei hugnadsam samrøa, som mor mi bruker å seie.

Takk.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Koselig å høre at du likte besøket ditt her på Finnfjordbotn. Det var utrolig gøy, og noe som jeg aldri kommer til å glemme. Ville bare at du skulle vite at vi som elever satt virkelig pris på det. Dere ga oss inspirasjon, (noe som man alltid trenger og aldri kan få nok av). Tusen takk for besøket =)

1:03 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home