torsdag, april 07, 2005

På vegen Del II

Eg er overtydd om at forfattarbesøket i klasserommet er betre når det innheld anna enn berre forfattarstemma som står og fortel om seg sjølv, messar som ein sjølvgod forrettar.
Den siste veka har eg vore på skolar i distriktet, og det å nytte forfattarskapen som utgangspunkt for skriveøvingar i klassen, fungerer verkeleg godt.

Korleis byggje ein karakter? Korleis har eg gjort det i "Okkupert kjærleik?" Korleis finn ein det språket som kvar enkelt historie skal ha? Korleis fann eg fram til det stramme og strenge språket i "Frå null til no"? Korleis lager ein sannsynlege møte mellom to karakterar som ikkje har noko til felles?

Forfattaren: - Ja, er det nokon som har spørsmål til meg?
Elev: - E du gift?
Forfattaren: - Nei, men eg har kjærast. Andre spørsmål?
Elev: - Men har du vært gift?
(latter)

Når eg seier det, forstår dei godt at språket ikkje berre er ein lastebil som skal frakte historia frå a til b. Språket er eit mål i seg sjølv.

Elev: - Skriv du berre om snær triste persona?
Forfattar: - Nei, eh, nei, eh, jo, der tok du meg på fersken.
(latter)

Sjølvsagt kan ein lære omgrepa "showing" vs "telling" i åttande.
Så snart ein nyttar populærkulturelle filmdøme, er ordet dramaturgi ein gammal kjenning, og ikkje ein framand som står og dunkar på døra i norskboka, men aldri kjem inn.

I midttimen på datarommet, og ut av det blå:
Elev: - Søk på adult! ! ! !
(nervøs latter)
Forfattar: - Det trur eg ikkje. Då får han eg lånte passordet av svi.
Elev: - Vet du ka adult betyr?
Forfattar: - Ja, det gjør då alle, og det er ikkje noko eg har lyst til å sjå.
(tenkepause)
Elev: - Du burde bli lærer.
Forfattar: - Kvifor det? (her tenkte eg at det var evnene mine som norskfagformidlar som blei sett pris på).
Elev: - Vi har aldri hatt årntli seksualundervisning, bare sånn kjedelig. Læreran vet jo ingenting.

Når vi er inne på det, skreiv to gutar eit fantastisk kjærleiksdikt til datamaskinen. Eg tør seie at eg er ganske god til å kanalisere all fanskapen og spilloppane som finst i klasseromma inn i noko kreativt.

Elev: - Æ syns du ska skrive en sånn bæstsæller.
Forfattar: - For at du skal orke å lese bøkene mine?
Elev (med omsorg i stemma):- Nei, det kan æ gjøre uansett, men sånn at du tjene masse pænga.

Og kva heiter gamle damer?
Ifølge åttande klassingar heiter dei Olga i 95% av tilfella. Olga er det ultimate gammeldamenamnet.
Apropos: Om ssb.no merker økt trafikk no, kan det vere mi skuld. Eg kjem alltid inn på statistikk, og då særleg namnestatistikk. Eg elskar Statistisk Sentralbyrå.

God dag.

2 Comments:

Anonymous Olaug said...

eg likar godt å lese desse rapportane frå klasserommet!

12:52 p.m.  
Blogger HPL said...

Det er ikke ofte jeg reiser på besøk til skoler, men på tirsdag skal jeg til Byremo videregående. Har fått beskjed om at bøkene mine er lest, og noen av elevene har til og med sjekket ligningen min for å finne ut hvor mye en forfatter håver inn.
Kanskje jeg skal fortelle dem om tilleggsskatten min i år, så finner de seg nok noe annet å gjøre.

Og Trohaug, planen er at jeg skal komme på årsmøtet, ja. Vi sees nok der.
Hvis du ikke bestemmer deg for å være overlegen og gå rett forbi meg IGJEN, da.

3:43 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home