søndag, april 03, 2005

Om å finne seg sjølv på loppemarknad, ein kladd

Ein gjer slikt ein skal på laurdagar som nesten er i våren, går på loppemarknad på Rothaugen og leitar seg gjennom avlagde liv, på jakt etter eit kakefat, ei fløtemugge med Figgjo-fiskar og eit heklaskjerf med gulltråd. Kjærasten seier med eitt: - Dette var klasserommet mitt, jo. I eit virvar av koppestell og steintøy bror min ville kalla skrap utan samleverdi, ser eg kjærasten sitje på bakerste rad, heilt nede med vindauget.
Såklart du hadde vindaugsplass med utsikt over innseglinga, seier eg, og tenkjer at plassen min var pulten foran. Hadde vi vore på same sted, i same tid og same alder, hadde han kunne pirka meg i ryggen med ein blyant, og kviskra meg formelen på volumet av ein sylinder.


I bokrommet, mellom alle dei brølande binda av DET BESTE-BØKER;
Eg tar henne i handa, tung som ein murstein, fingrane finn sidene med plansje over menneskekroppen. Eg stikk automatisk nasen nedi for å kjenne den sure lukta av plastplansje, slik eg gjorde då eg var unge.

Trohaugs store legebok
Eg les indeksen, ser namna på alle dei som omsette, teikna, hadde typografien. Dei fleste er døde, og dei som ikkje er døde, forsvann med dei døde.
Han der, seier eg og peiker på eitt av namna døde av insulinmangel dagen derpå.
Eg slår tilfeldeg opp på ei side i den tjukke boka. – Insulinmangel, står det i diagrammet nederst på sida, og underleppa sett seg på skeive.

Trohaugs store legebok.
Det var denne som gjorde at vi blei loppemarknadungar på ordentleg, det tok berre langt tid før eg skjønte heilt korleis det hang saman, for det heile var godt marknadsført som eit ideologisk standpunkt.
- Men vi fekk kunnskap, mumlar eg for meg sjølv.

Kunne du bøyge tyske verb i femteklasse kanskje?
Veit, du, den syttitalsjakka du skryt av å ha funne på ein bruktmarknad i London, den skibuksa Chanel etterlikna på catwalken og du tenkjer du skal plukke med deg frå neste loppemarknad, dei gjekk eg med på åttitalet, når du sprada rundt i strekkbusker og storskjorter kjøpt i butikk. Eg såg den søteste jenta i klassen gå med ein Wrangler-modell her i fjor, ein syttitalskopi, nett som eg hadde på barneskolen, berre at min var arva. Eg gjekk medviten ein heilt anna veg for å ikkje treffe henne. Då måtte eg skjelt henne ut, sagt: - No er den fin nok ja, men då eg hadde den i femteklasse og frå loppis var den det ikkje. Ta av deg jakka no, du fortener ikkje å gå med den. Og forresten, den adidasskjorta du har under, kan du til helvete se å få av deg.Og om du no seier, kva med alle ei merkekleda du har no, kva med Gucci-brillene, Custo-skjørtet, Zara-kåpa, dei utallege Bruuns Bazar-plagga, så treng eg vel ikkje hamre det ut for deg. Det kallast hamstring, det kallast hemn. Og framleis går eg i ullstilongsen frå åttandeklasse, den har RT brodert inn i ryggen, eg går i Innstranda-jakken eg kjøpte i sjetteklasse, kjøpt av Lasse i klassen, som ikkje skulle spele fotball i idrettslaget lenger, eg har pyjamas og mamelukk, brukt av damer som døydde før paven hadde tenkt på å bli pave, eg samlar klede, samlar, samlar, i angst for å gå naken.


Eg seier eg samlar flasker, resirkulerer og alltid tar med plastposar heimafrå på butikken, fordi eg er for gjenbruk. I sanning gjer alle desse handlingane med ein gammal angst for at morgondagen kjem med konkurs.

Solgt i femtitusen eksemplarer i Sverige, står det, og eg kan ikkje anna enn å le.
Han hadde håpa på femtitusen. Men alt som var igjen etter han, var eit stort gapande hol av minus, som ikkje blei pluss.

Godt nokon har hatt glede av denne boka i alle fall, seier eg lakonisk og kjenner på ryggen.
Den er teipa og lappa, nokon har hatt glede av Trohaugs store legebok.

2 Comments:

Anonymous Anonym said...

aj, fint! Men du må ikke skrible slik i skrivebøkene, øyet mitt blir vondt og vanskelig.


Husk Proso-fest!

(silje)

8:27 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Jeg går dessverre glipp av Prosopopeia; jeg befinner meg langt mot nord, omringet av åttende- og niendeklassinger, som kan fortelle meg at Bill Gates tjener 300 dollar i sekundet, og at åtti prosent av alle norske ungdommer har sett porno. Jeg er på den ytterste nøge ø igjen, men her er den noen freskinger.

11:34 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home