lørdag, april 30, 2005

Navn for dagen: Sverre Henmo

Tidligere i uka underviste jeg på Skrivekunstakademiet, og kunnskapen om samtidig barne-og ungdomslitteratur var heller skral, slik den pleier å være i slike forsamlinger. Jeg klandrer dem ikke, for når man har et slikt skriveår vil man skrive seg inn i alvoret, de riktige tekstene, romanene og tidsskriftene, opplesningene, folkene, sirklene. Vagant og Prosopopeia er navn som ligger ytterst på tunga, mens barnebokkritikk. no, Norsk Barnebokinstitutt og Bologna ikke har nådd ørene en gang. Håpet er at skriverne etterhvert forstår at det går an å ha en polyfon skriveridentitet, at man ikke er dømt til et liv på de evige pedagogers marker om man skriver for barn og ungdom.

Men den ene som hadde lest seg gjennom ungdomshyllene også i seinere tid, skrøt av Sverre Henmo. Jeg ble så glad og rød i kinnene over dette skrytet til en kollega som jeg setter høyt. Nå ser jeg at resten av verden, i alle fall den delen som følger med på BU-litteratur, skryter av den siste boka til Henmo "Gutten til venstre". Jeg har ennå ikke lest denne boka, som er et ledd i Gyldendals serie for unge voksne. I følge Aftenposten og barnebokkritikk.no er boka akkurat så god som jeg håper på.

onsdag, april 27, 2005

Her er forslaget til bokavtale

Som dei fleste av dykk allereie veit, var det i går pressekonferanse om forslag til ein ny bokavtale. Det blei som forventa, og ein lagom siger. Sjekk pressemeldinga frå departementet.

torsdag, april 21, 2005

Bergensk forfattaraksjon mot forslaget til ny bokavtale

Aksjonsgruppa blant bergensforfattarane har gjort ein formidabel og imponerande jobb når det gjeld å stable på beina ein protest mot forslaget til bokavtale. At det er ein heil festival på gong neste veke, mobilisert på null komma svisj, er rett ut fantastisk. Sjekk nettsidene deires for å finne ut kven som les kvar neste veke. Sjølv pendlar eg hit og dit, og kan difor ikkje lese.

Eg har eit innspel til dette med bokavtalen og forfattaraksjonen, ei innvending kan ein kalle det: Aksjonsgruppa går særs hardt ut mot kulturminister Valgjerd Svarstad Haugland, og kritiserer henne for å vere taus i høyringsperioden, og signaliserer utad at ho er den største fienden. Tagale ministrar kan ein godt vere kritisk til, men det er feil å blinke henne ut som skurken, for ho står meir på forfattarane si side enn forfattarane har fått med seg. Ein må sjå departementa for berre skurkar, og då er det Moderninseringsministeren som er den verkelege skurken. Så til alle der ute: Det er Morten Andreas Meyer som verkeleg vil forfattarane og bransjen vondt. At kulturministeren kan kallast veik, er ei anna sak, men ho står på forfattarane si side mht krava vi har. Meiner eg.

tirsdag, april 19, 2005

I'm sorry: that last post was me, posting to Ragnfrids blog by mistake.

-Martin-

A day off (finally)


I didn't get to post the frog eggs (neither was I allowed to bring them home with me), so you have to settle for this tranquil scenery. I thoroughly enjoyed our day off- Posted by Hello

torsdag, april 14, 2005

PROVOOST OG TROHAUG SIGLAR VIDARE

Eg hadde førebudd henne på at Finnsnes var eit vegkryss og ein sugestygg bensinstasjon, og skjemd vart eg, då eg såg at det var minst to bensinstasjonar, to hotell og eit stort kjøpesenter under konstruksjon.

Ingenting er som eg hugsar det. Eg har eit klart bilde av ei gate som går rett fram, og alt ein ser er ein bensinstasjon.

Det slo meg at det er i desse omgjevnadene mange av dei unge forfattarane eg kjenner har trødd i slutten av tenåra, det er her dei har kjøpt sjokolade og drømt om dei bøkene, som dei no har ute. Heimly finst ikkje lenger. Men alle som skreiv der finst. Orda deires finst.

Ei kjensle av spenning og glede låg i meg då vi blei henta tidleg om morgonen på hotellet, klar for ein trippeldag på næraste gymnas. Eg hadde tatt på meg ullgenseren, eg var rak i ryggen og stolt då eg gjekk inn.

Etter å ha vore rundt på ei rekkje av norske skolar, veit eg ein ting: Stemninga i gangane, lufta på personalrommet, fortel deg korleis denne dagen kjem til å bli.

Å, kor eg ønskjer at denne teksten skal vere velskriven, men eg veit at eg ikkje får det til, for dette møtet med Finnfjordbotn vidaregåande var berre for stort til å tvinge inn i ord.

Provoost og eg såg på kvarande, og visste at dette kom til å bli ein bra dag, for alle var så glade for at vi kom, skivene var smurte, rektor helsa godt og norsklærarane tok oss i mot, som om vi var litteraturen sjølv som kom på besøk. Ikkje ein emmisær har fått så varm mottaking som vi fekk.

Eg sa at mor mi hadde gått her, og ein av dei eldste lærarane lyste opp, det blenkte i auga: - var ikkje ho god til å hoppe høgde? – Jau, svarte eg, det trur eg ho var, mor mi er god til det meste når det gjeld sport, ho er inga jentepyse, nei, eg har sett desse bildene av mor mi som spring orientering og hoppar og kastar og spurtar i rare gymkreasjonar frå femtitalet.

Eg kjente genseren klø godt, eg hadde tatt på meg genseren mor mi strikka til tanta mi på femtitalet, og begge har dei gått her, begge har dei lepja i seg kunnskapen på landsgymnaset her, eg kjente meg så stolt.


Eg stod foran gruppa i auditoriumet på Finnfjordbotnen vidaregåande, eg stod der og skulle opne denne dobbelttimen med Anne Provoost og meg:

Eg stod der i genseren. Sa at det var spesielt for meg å vere der, at det at eg var der som forfattar, var noko eg på mange måter kunne takke Finnfjordbotnen Landsgymnas for;

det var her mor mi fekk høve til å utdanne seg ut av småbruket, fisket og landsbygda;

det var her alle boksmartingane frå kvar bygd og grend fekk lest seg inn og over i eit anna liv.
Historia om utdanningsrevolusjonen, om lånekassen, om landsgymnaset.
Eg stod der med skjelvande røst og minna alle om landsgymnaset og vegen ut mot verda.

Gerhardsen og mormor ville vore stolt av meg der eg stod.

På toppen av det heile viste det seg at vi drakk kaffi og åt lunsj med slekta til Arvid Hanssen, og foreldra til ho i sporten.

Og elevane:
Dei skuffa ikkje, nei, dei beint ut imponerte, for det dirra interesse av lufta, og enkelte av spørsmåla var så filosofiske og gode, slike ein må tygge og strekke seg etter, at eg kjente gleda heilt ned i tærne. Eg blir glad av slike ungdommar og lærarar, slike som meiner at det er lov å strekke seg etter kunnskapen, spørje, grave og ikkje alltid forstå. Det var difor mor mi gjekk på landsgymnaset, det var difor eg tok IB-en i Wales: Vi ville stå på tærne og sjå på det som er framandt.

Det står om livet, ein må få lære. Det er det alt dette handlar om:

Men tilbake til der alt starta:
Skal ein tru nettsida til Finnfjordbotnen, var dei like nøgde med oss, som vi var med dei. Det er godt å sjå at kunnskapsanden er slik den skal vere på eit gammalt landsgymnas.

Takk for ei hugnadsam samrøa, som mor mi bruker å seie.

Takk.

Husk Poesi på Løkka og Litteraten i Tromsø

Dette er ei påminning til dei litteraturinteresserte i Oslo:
Få med dykk Poesi på løkka i dag klokka 19.30. Eg skulle gjerne vore der, særleg fordi Mette Karlsvik skal lese frå boka si.

Men for dei av dykk som er i Tromsø, skal Anne Provoost og eg vere i samtale med Fylkesbiblioteket og kvarandre. Det heile finn stad på Lærarhøgskolen kl 2000 i kveld.
Alle som tar norsk årseining har påbod om å kome.

tirsdag, april 12, 2005

Kvæfjord

Det er noko heilt eige å vere to forfattarar i lag i same rom: to stemmer, tre språk, og endå fleire bøker. Ikkje minst er det flott å vere ein stad der dei har brukt heile vinteren på å lese nyare bøker, blant anna våre.

Sjølvsagt fekk vi
Kvæfjordkaka på skolebesøk i Kvæfjord kommune.

På veg ut døra stakk læraren eit oppskriftshefte i handa på oss. Ho som laga den kaka vi åt, er avbilda i heftet med raudt forklede og ei profesjonell mine. Eg trur ho har gått på husmorskolen, ho såg slik ut. No finst det inga orsaking, det blir Kvæfjordkaka ein gong i mai.

Takk Rå videregående. Ekstra takk for gode samtalar, kjøring og omvisning i Trondanes kirke.

mandag, april 11, 2005

Touring Northern Norway, part II

This week is completely different to last: I´m now on the road with a fellow writer, the Flemmish author Anne Provoost. The organisers at Troms County Library thought it´d be a wise idea to send us on tour together, and I must say that the librarians seem to be right again. The chemistry seems just right, and it is reassuring to know that I won´t have to wear out shopkeepers with my talk, now that I have travel company.

The day started out just right, we were in time for our plane to Sørkjosen (this u.k bird page was the only web page about Sørkjosen in English, except for the one stating that it had one of the world´s most dangerous airports, I´ll get back that), and we´re excited about venturing out in the countryside by plane. It seemed rather extravagant to fly a distance that only takes three our by car, but with the schedule the librarians have set up for us, we didn´t have those three hours to spare).

However, those twenty minutes suddenly became a trip to THE WORLD MOST NORTHERN CITY, HAMMERFEST, because the plane couldn´t land at our destination, due to a local snow storm. So my colleague from Antwerpen experienced the absolute north for a couple of seconds, before we were shuffled into a different plane and brought back to our starting point, namely Tromsø, I was so bummed out that the pilots didn´t tell us that we were taken back to Tromsø, they gave us the impression that they would extraordinarily land where we were headed. But no: Instead of meeting the students at Nordreisa sixth form college, or having a day to explore the prosperous city of Hammerfest we were escorted back to good old Tromsø.

This whole plane kaffafle reminds me of the essence of the Northern Norwegian soul: flexibility. You hardly ever get were you are supposed to, because of a storm or something rather, and people adapt and accept. Hence, Provoost and I were really the only ones baffled by the fact that we didn´t get where we were headed.

I´ll keep you posted, there will be lots more, I promise.

And to my dear friend Edvardsen: There is more Northern Norway pathos to come; yes, we´re boarding Hurtigruten. What a voyage.

lørdag, april 09, 2005

Skolene i Tromsøområdet

Har sett: Rein i fjæra
Ein mann som vasa i berre stilongsen på gardstunet
UNgdomsskolegutar som held småsøstre og barnehagebrør i handa av og på skolebussen
Folk som solar seg i fjæra

Har hørt i klasserommet:

- E va objektiv når æ skreiv om dobørsten, det gikk jo ganske bra, men æ klare ikkje å skrive et subjektivt kjærlighetsdikt tel en dobørste, d bi jo så ækkelt.
(pause)
E det en ode du vil æ skal skrive?
(pause)
Ok, det ska du få, en ode til dobørsten, de ska du jammen få.

- Min person han fær på LAN, og han e en gamer og en tafseboy.
- Dettan va det artigste vi har gjort på lenge.


Hørt på lærerrommet:

- Nei kjeften han kjem nok tel å stå å slamre så længe de e liv i skrotten.


........

No har eg vore på Brennsholmen, Ramfjord og Straumsbukta. Overalt har eg treft fine elevar og engasjerte lærarar.

No er eg på veg frå lavvoen til fjæra, og det er ikkje tøys ein gong. Det er det fine med Nord-Norge: mykje lavvo og mykje fjære.

Oslofolk! Få med dere dette!

POESI PÅ LØKKA


Lars R. Engebretsen, Nils-Øivind Haagensen, T. Hellesen, Marit Kaldhol, Mette Karlsvik, Ann Kavli, Hilde Myklebust


STAD: Samlaget, Jens Bjelkes g. 12


TID: Torsdag 14/4, kl. 19.30


Fri inngang.


 


Velkommen.

Her er vårlista til Samlaget.

torsdag, april 07, 2005

Oppslagstavla, mer info

For de av dere som er i Bergen og ikke er utslitt av gårdagens litteraturslepp.

Her er Pedro Carmona-Alvarez´nye prosjekt, han sier:


"lee harvey oswals productions proudly presents

 
moonpedro and the new farm street orchestra

 
kamelon torsdag 7. april kl. 21.00

 
 
 
dritbillig og kjempefint. jeg lover."

På vegen Del II

Eg er overtydd om at forfattarbesøket i klasserommet er betre når det innheld anna enn berre forfattarstemma som står og fortel om seg sjølv, messar som ein sjølvgod forrettar.
Den siste veka har eg vore på skolar i distriktet, og det å nytte forfattarskapen som utgangspunkt for skriveøvingar i klassen, fungerer verkeleg godt.

Korleis byggje ein karakter? Korleis har eg gjort det i "Okkupert kjærleik?" Korleis finn ein det språket som kvar enkelt historie skal ha? Korleis fann eg fram til det stramme og strenge språket i "Frå null til no"? Korleis lager ein sannsynlege møte mellom to karakterar som ikkje har noko til felles?

Forfattaren: - Ja, er det nokon som har spørsmål til meg?
Elev: - E du gift?
Forfattaren: - Nei, men eg har kjærast. Andre spørsmål?
Elev: - Men har du vært gift?
(latter)

Når eg seier det, forstår dei godt at språket ikkje berre er ein lastebil som skal frakte historia frå a til b. Språket er eit mål i seg sjølv.

Elev: - Skriv du berre om snær triste persona?
Forfattar: - Nei, eh, nei, eh, jo, der tok du meg på fersken.
(latter)

Sjølvsagt kan ein lære omgrepa "showing" vs "telling" i åttande.
Så snart ein nyttar populærkulturelle filmdøme, er ordet dramaturgi ein gammal kjenning, og ikkje ein framand som står og dunkar på døra i norskboka, men aldri kjem inn.

I midttimen på datarommet, og ut av det blå:
Elev: - Søk på adult! ! ! !
(nervøs latter)
Forfattar: - Det trur eg ikkje. Då får han eg lånte passordet av svi.
Elev: - Vet du ka adult betyr?
Forfattar: - Ja, det gjør då alle, og det er ikkje noko eg har lyst til å sjå.
(tenkepause)
Elev: - Du burde bli lærer.
Forfattar: - Kvifor det? (her tenkte eg at det var evnene mine som norskfagformidlar som blei sett pris på).
Elev: - Vi har aldri hatt årntli seksualundervisning, bare sånn kjedelig. Læreran vet jo ingenting.

Når vi er inne på det, skreiv to gutar eit fantastisk kjærleiksdikt til datamaskinen. Eg tør seie at eg er ganske god til å kanalisere all fanskapen og spilloppane som finst i klasseromma inn i noko kreativt.

Elev: - Æ syns du ska skrive en sånn bæstsæller.
Forfattar: - For at du skal orke å lese bøkene mine?
Elev (med omsorg i stemma):- Nei, det kan æ gjøre uansett, men sånn at du tjene masse pænga.

Og kva heiter gamle damer?
Ifølge åttande klassingar heiter dei Olga i 95% av tilfella. Olga er det ultimate gammeldamenamnet.
Apropos: Om ssb.no merker økt trafikk no, kan det vere mi skuld. Eg kjem alltid inn på statistikk, og då særleg namnestatistikk. Eg elskar Statistisk Sentralbyrå.

God dag.

onsdag, april 06, 2005

Informasjonen bankes inn

Leser man de samme bloggene, går i de samme miljøene og snakker om og med de samme folkene, risikerer man at det blir helt Lista, altså at alt bli sagt tri gonge, tri gonge, tri gonge.

Men jeg prøver meg likevel, og gjentar alle andre i opplysningsprosjektets øyemed: For de av dere som går i de samme miljøene, tenker de samme bokstavene og er like begeistret for litteraturen, så glem ikke Prospopeia-slepp i dag. Utfyllende informasjon finnes på Martins blogg. Men gakk dog ikke bare der hen for øl og opplesning, kjøp også tidsskriftet. Ja, jeg har skrevet.

JASKATVUOHTA!

(Helt riktig, det betyr stille på nordsamisk).

tirsdag, april 05, 2005

Skytedrama utanfor vindauget

SÅ trur ein at det er ufarleg å reise på tur ut i distrikta, ein ser jo rype, sjarkar og landleg liv der ein fèr som ein emmisær langs landevegen.

Men dei veit å skape liv og røre her også, og det er ikkje kvotene det er snakk om denne gongen, nei, eg vakna i natt av ein irriterande innbruddsalarm, som plutseleg gjekk over i skyting. Då eg våga meg ut her på morgonkvisten, var det uråd å kome seg over gata,det var politi og nrk og sperringar alle vegar. Sjekk NRK for ei oppdatering på dramaet.
Håper det ikkje er en trend. Eg var nemleg på turnè i Kristiansund då ein mann skaut og kverka kona si utanfor politihuset. Det var ikkje berre det at eg var i byen, eg`strauk forbi politihuset like før det skjedde.
Men denne nord-norske tjuven fekk berre skot i foten, så han er ikkje avliden. Det var godt, for då har eg lov til å vere litt sint på han på grunn av innskrenka nattesøvn

(Her er eit lite lokalfarga dikt til tjuven: din tjyv, din tjyv, din hælsikkes bontjyv, mordi,mordi,mordi ska du heite, du ditt hau på ei kveite)
(eller kveithau som man sei).

God dag.

mandag, april 04, 2005

Hurra for nye Svartlamoen og Brendeland og Kristoffersen arkitekter

Nå er endelig den nye Svartlamoenbebyggelsen på plass.

Jeg tør skryte av min fetter Olav Kristoffersen og hans arkitektkompanjong Geir Brendeland, som har gjort noe helt nytt i norsk sammenheng; bygge høyt (fem etasjer), bærekraftig og brannsikkert i tre.


Les om festen i Adresseavisa, se bilde av bygget.

Her viser min fetter Olav Landbruksminister Sponheim denne tremodulbyggingas fortreffeligheter. Go home Norske Betong-Kamerater.

søndag, april 03, 2005

Om å finne seg sjølv på loppemarknad, ein kladd

Ein gjer slikt ein skal på laurdagar som nesten er i våren, går på loppemarknad på Rothaugen og leitar seg gjennom avlagde liv, på jakt etter eit kakefat, ei fløtemugge med Figgjo-fiskar og eit heklaskjerf med gulltråd. Kjærasten seier med eitt: - Dette var klasserommet mitt, jo. I eit virvar av koppestell og steintøy bror min ville kalla skrap utan samleverdi, ser eg kjærasten sitje på bakerste rad, heilt nede med vindauget.
Såklart du hadde vindaugsplass med utsikt over innseglinga, seier eg, og tenkjer at plassen min var pulten foran. Hadde vi vore på same sted, i same tid og same alder, hadde han kunne pirka meg i ryggen med ein blyant, og kviskra meg formelen på volumet av ein sylinder.


I bokrommet, mellom alle dei brølande binda av DET BESTE-BØKER;
Eg tar henne i handa, tung som ein murstein, fingrane finn sidene med plansje over menneskekroppen. Eg stikk automatisk nasen nedi for å kjenne den sure lukta av plastplansje, slik eg gjorde då eg var unge.

Trohaugs store legebok
Eg les indeksen, ser namna på alle dei som omsette, teikna, hadde typografien. Dei fleste er døde, og dei som ikkje er døde, forsvann med dei døde.
Han der, seier eg og peiker på eitt av namna døde av insulinmangel dagen derpå.
Eg slår tilfeldeg opp på ei side i den tjukke boka. – Insulinmangel, står det i diagrammet nederst på sida, og underleppa sett seg på skeive.

Trohaugs store legebok.
Det var denne som gjorde at vi blei loppemarknadungar på ordentleg, det tok berre langt tid før eg skjønte heilt korleis det hang saman, for det heile var godt marknadsført som eit ideologisk standpunkt.
- Men vi fekk kunnskap, mumlar eg for meg sjølv.

Kunne du bøyge tyske verb i femteklasse kanskje?
Veit, du, den syttitalsjakka du skryt av å ha funne på ein bruktmarknad i London, den skibuksa Chanel etterlikna på catwalken og du tenkjer du skal plukke med deg frå neste loppemarknad, dei gjekk eg med på åttitalet, når du sprada rundt i strekkbusker og storskjorter kjøpt i butikk. Eg såg den søteste jenta i klassen gå med ein Wrangler-modell her i fjor, ein syttitalskopi, nett som eg hadde på barneskolen, berre at min var arva. Eg gjekk medviten ein heilt anna veg for å ikkje treffe henne. Då måtte eg skjelt henne ut, sagt: - No er den fin nok ja, men då eg hadde den i femteklasse og frå loppis var den det ikkje. Ta av deg jakka no, du fortener ikkje å gå med den. Og forresten, den adidasskjorta du har under, kan du til helvete se å få av deg.Og om du no seier, kva med alle ei merkekleda du har no, kva med Gucci-brillene, Custo-skjørtet, Zara-kåpa, dei utallege Bruuns Bazar-plagga, så treng eg vel ikkje hamre det ut for deg. Det kallast hamstring, det kallast hemn. Og framleis går eg i ullstilongsen frå åttandeklasse, den har RT brodert inn i ryggen, eg går i Innstranda-jakken eg kjøpte i sjetteklasse, kjøpt av Lasse i klassen, som ikkje skulle spele fotball i idrettslaget lenger, eg har pyjamas og mamelukk, brukt av damer som døydde før paven hadde tenkt på å bli pave, eg samlar klede, samlar, samlar, i angst for å gå naken.


Eg seier eg samlar flasker, resirkulerer og alltid tar med plastposar heimafrå på butikken, fordi eg er for gjenbruk. I sanning gjer alle desse handlingane med ein gammal angst for at morgondagen kjem med konkurs.

Solgt i femtitusen eksemplarer i Sverige, står det, og eg kan ikkje anna enn å le.
Han hadde håpa på femtitusen. Men alt som var igjen etter han, var eit stort gapande hol av minus, som ikkje blei pluss.

Godt nokon har hatt glede av denne boka i alle fall, seier eg lakonisk og kjenner på ryggen.
Den er teipa og lappa, nokon har hatt glede av Trohaugs store legebok.

fredag, april 01, 2005

Ord for dagen

" «We are the world». Vi ser at den faller."

-Øystein Hauge med kunstslakt i dagens BT-

God helg folkens.