onsdag, mars 09, 2005

Lette.Lande.Lette.Lande

Eg kunne ha posta om dette:

To trikketurar, eit godt måltid og eit langt møte.
To ukjente finnar som, mens eg sov, sette seg rett utenfor hotelldøra mi for å røyke, drikke og diskutere.
- Hyvää, guys, do you mind, I really need to sleep.
Eg hadde ikkje tid til å tenke på kvifor eg rett frå svevnen kunne hente finsk fram. Som om det var nett dette språket som låg mellom svevnen og vaken tilstand.
- 0550, take off.

Det var det jeg rakk før jeg måtte videre.

Lette. Lande. Lette. Lande. Lette. Lande.

Frå lengst vest i Europa til nordvestlandet.

Det er ikkje tid til å tenke, berre slå om frå det eine til det andre giret.
Det tar dagar før eg ser det.
Alle desse fjella, havet og at Eivind E. har rett: Sunnmørsalpane er det verdt å mase om.

Turnè.
Dette absurde med å ha norske ungdomsskoleklasserom som scene. Kjensla av å vere med på noko viktig.
Skipla over å starte på ein bygdeskole der ei eg kjente ein gong hadde gått. Kjenne lukta av noko som var for lenge sia, konturar av noko som ein gong var nært og viktig.
Ein plass eg hadde vore før. Eg klarte ikkje lyge, klarte ikkje seie at eg hadde vore der før, at namna, samanhengane kom til meg igjen.

Så er det alle desse møtene. Den imøtekommande læraren som viser seg å vere tante til ein eg kjenner. Nokre korte friminutt og eg får del i liv.
Grytten stikk hovduet sitt forbi kafeen eg sitt på, han skal lese på konserten til dei store Giske-sønene, det finst gjesteliste, det er konsert på Arbeideren og eg står der aleine og kjenner ei gammaldags glede over å vere aleine i ei folkemengde i ein vakker sal. Folkets Hus. Eg saknar Folkets Hus. No er det menn i tredveåra som blei oppfostra på The Smiths som syng her, dei er mykje meir rocka enn før, det er faktisk litt bra, dei risikerer meir enn i dei søte popsongane frå førreplata, det er ikkje som dei gamle arbeidarsongane, men det er bra, og det er litt som Arbeiderrørsla, Framlaget, for desse gutane har alltid vore saman, ein syng og speler saman, fordi ein alltid har kjent kvarandre, ikkje fordi alle er dei beste på sitt instrument, songaren har ikkje nok fylde i stemma, han syng surt på nokre av songane, men det er likevel fint, det er litt som Dissimillis og idealtid, alle får vere med, ein sparkar ikkje ut folk, alle får ta sin plass, og tantene, søskenbarna, naboane og lærarane sitt på galleriet og trampar i takt.

Dei magedansande jentene på åttandemarsfeiringa, hardingfelespelet som gjer meg så glad, fordi det gjer meg trist.

Elevane som ber meg lese det som eg leste i den andre klassa, det går eit rykte om at eg har lese noko, - du veit. Eg seier ja, men at jeg ikkje har tenkt å lese det her. Det er så flautt.
X ber meg fleire gongar, og han vil verkeleg at eg skal lese; han sitt framst og eg lar han lese sjølv. – denne boka vil eg lese, seier han. Så ber han meg om å lese, og eg seier ok, men at det er flautt, så sitt alle med ørene langt ute, eg les. Og vi snakkar, vi snakkar og skriv og eg les og og og og og.
Eg trur det er noko i desse møta.

Men eg vil berre poste:
All kjøringa. Det er deilig å berre kjøre igjen.

4 Comments:

Blogger MGL said...

"Jeg er ingen taler, men..."

5:42 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Mm, dette var fint.

(silje)

10:59 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Takk, Silje. Du skulle sett disse klasseromma, ungdommene, energien og stemningen i rommet. Det er vanskelig å beskrive.

11:09 p.m.  
Blogger Susanne said...

Ragnfrid, du er i sandhed en kvinde med en mission!

11:30 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home