torsdag, mars 17, 2005

FELTRAPPORT

Eg har rekt over tre øyer før lunsj i dag, og i strålande sol over Haramsøyene, er det dialekten eg er mest oppteke av:

Eg er for å re-innføre dativ, sende ungdommane på bygde-Sunnmøre på dialektskole hos dei gamle i bygda, slik at dei byrjar å seie:

Ej fisje på fjora

Ej budde hos ei gammal enkje, og stelte i hagjen.



Så til By-Sunnmøre: Lærarane snakkar om at det berre finst ein i heile Ålesund som snakkar Ålesundar og ikkje beibispråk. Eg aner ikkje kven han er, men han dukkar stadig opp i samtalar på lærarromma. Kanskje skal eg oppsøke denne Harald Grytten og høre korleis det eigentleg skal vere.

I Haram kommune snakkar dei ikkje beibispråk, men ungdommane kunne snakka stilegare. HAGJEN!

Enno meir fascinert er eg av den franske talemåten som visstnok eksisterte Haramstraktene før:

Esten et øy.

HALVMÅL.

Dei arbeider mykje på Sunnmøre. Det ser slik ut. Alle går i kjeledress.

3 Comments:

Anonymous Nebbhøna said...

Sagt i Førde: Han rulla ut av sengjine i fylljine. Men eg trur eg hugsar feil, kan det verkeleg vere dativ (eller er det akkusativ?) begge stader? Eg treng nytt dialektkurs!

7:21 p.m.  
Anonymous Ö said...

Ja, det er dativ.

Halvemål, dvs. alvemål som mor mi kallar det, hadde også etter legenda ein viss aspirasjon (h-lyd) der det ikkje skal vere det, når stavinga er trykksterk. Dermed skulle det blir "esten het öy". Dette har medfört historier som den om kommunestyrerepresentanten som vart avbroten i innlegget sitt, og som repliserte "e ej hore elle e ej ikkje hore" (for uinvidde: "har eg ordet eller har eg ikkje ordet"). Vel, vel. Eg trur ikkje publikumet for denne vitsen er särleg stort lenger. Om det nokon gong har vore det.

12:20 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Oss flira så oss skreik av dinna vitsen! Det er heilt herleg. Eg fekk forklart dette med at h-en dukka opp andre stader, men då eg spurte etter konsekvensen i det heile, fekk eg ikkje til svar at det var snakk om trykksterke stavingar. Det verkar som om h-en som forsvann ein stad, dukka vilkårleg opp ein annan.

1:48 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home