tirsdag, mars 15, 2005

Angsten for å ikkje finne fram

Det er strålande sol og lang bremslengde; etter ei veke i Ålesundstraktane, kjente eg meg så høg og sikker på vegen at eg ikkje stod opp i otta og la ut på vegen ein time før skoletid.

Ein skal ikkje kjenner seg for høg i vegen, for med eitt står feil adresse oppført på lista, og telefonnummeret ein har er til ei anna avdeling av same skole, for adressen var jo feil, og dama veit ikkje om du skal kome i det heile, men det heile er jo feil, så eg seier at eg skal, men at eg skal vere ein annan stad med andre ungdommar, så ho må gaide meg på telefon. Eg finn fram, men det viser seg å vere ein barnehage fri for ungdomsskoleelevar.

Eg praiar ei dame, ein førskolelærar.
Eg ser sikkert vill ut i blikket, det er ti minuttar til timen byrjar. Ho smiler mildt og seier eg skal gå stien gjennom skogen, så kjem eg dit eg skal.
SPRING stien gjennom skogen.
Der er de alle saman. Timen skal ikkje begynne før om eitt kvarter.

Turnering uten eige sjåfør og med nysnø, liknar stygt skiorientering på fire hjul.