tirsdag, februar 08, 2005

Til himmels: Akkurat her. Akkurat no.

Det er himmelen akkurat no,
Det er jordflata akkurat her.
Eg ligg i snøen.
Det går ei rett linje mellom oppe og nede, mellom
Himmel og hav.
Historia som ein gong var, kikkar ned på meg i snøen.
Historia har store stjerneauge som glor på meg, eg stirer attende, og auga våre slår ei snor mellom før og no.

Det kjem snø fra himmelen, frå det som var ein gong. Det er ovenfra og ned;
Eg tenkjer på korleis vi kunne få dette umogelege til:
Lage snøen til himmel,
ta med oss heile himmelkvelvinga ned hit.

Den over Vesterålen,
Den over Island, Mexico og alle stadene med namn som sett seg fast mellom halsen og drøvelen ein stad.
Krølle himmelkvelvinga saman som ein liten snøball og halde den hardt mellom hendene;

Så visste eg kvar eg hadde himmel og preteritum.

Over alt står vi på tærne for å kome nærare himmelen.
Historia dansar tango med himmelen,
Og vi vil danse med;
trø ein reinlendar med det som var ein gong.
Slenge i veg ein merengue med det som kjem.
Vi er små som hagl, sklette; vi vil danse, vite.
Men vi vil ha ei rett linje frå det som er,
til det som var ein gong.
Ein rett streng mellom presens og preteritum, som forsvinn i språket ein stad.

Så vi strekk oss mot himmelbunnen, slik at vi også skal kunne sjå det som kjem.
Loddrett.
Vassrett.
Mens meininga kjem overraskande, dansande i form av snøfnugg.

Eg strekk meg mot himmelen med snø i hendene:
Før,
og no,
og snart,
skal smelte i handa på oss.

[Ragnfrid er på Andøya og leser opp denne tekten akkurat nå som innledningen til en markering som skal være en avslutning av feiringen av tusenårsjubileet, og begynnelsen på hundreårsjubileet. Kulturministeren er der også, og den mexicanske ambassadøren. Det hele er avslutningen på Golfstrøm-prosjektet, som Lars Saabye Christensen åpnet. - Martin]

4 Comments:

Blogger Ragnfrid Trohaug said...

I den einaste raketthangaren i Norge stod eg, der stod eg og las framføre over hundre vesterålingar, lokalfolk med trua på at kultur er magisk, ambassadørar, kommunefolk, og kulturministeren var der, ho trykte på ein knapp og taket opna seg. Fyrverkeri. Og dei song, ho frå Meksiko med ansiktet, ho frå Vesterålen med kinnbeina, ho frå Island som nett slo Björk i to kategoriar under den islandske spelemannsprisen, der stod eg og kjente magi og ei evig takksemd over å få vere med på så mange fine, rare, spektakulære ting rundt om i Norge. Og no, ja no er eg så trøytt at eg vil grine, eg har halde streng fokus på budsjettal og styresaker, etter å ha tatt ein Valgjerd, det vil seie fly klokka halv seks om morgonen og gå rett i styremøte som varer heile dagen. Det er sykt, det er slitsamt og eg lengtar heim; men aller mest elskar eg sånne folk som dei gærne vesterålingane, bibliotekarane, kulturarbeidarane, meksikanske Rita som står som ein påle, ildsjeler som Svein S., Erik B., folk som trur på lokalsamfunna sine, folk som skapar liv der dei bur og er. Takk og takk.

6:54 p.m.  
Blogger glassdråpe said...

Da håper jeg du lærte Kulturministeren litt om kultur, jeg ble ikke særlig imponert over hennes bidrag til Bøygen, skjønt litteraturminister har hun aldri vært.

12:44 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Hva skrev hun i Bøygen?Det vil jeg gjerne vite. Det som imponerte meg, var hvor våken og ulastlig antrukket og hyggelig klokka 0500.

1:05 p.m.  
Blogger Ellen Marie said...

Hei Ragnfrid. Jeg fikk frysninger på ryggen av det diktet... kunne bare jeg også skrive slik! med trials i Duino er det liten tid til å skrive dikt. men men. forresten - det snør! Adriaterhavskysten er "full av snø". Ellen Marie W (som endelig får til å "leave a comment"!)

11:09 a.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home