torsdag, februar 03, 2005

Sak -> Språk -> Dagbladet

Dette er ikkje meint å vere ein nynorskfantastpost.
. Men det skjer enkelte forunderlege ting når språk, person og ønskje ikkje fell saman, som då Dagbladet gjerne ville ha Olaug Nilssen som bokmeldar, men vil at ho skal skrive på bokmål. Dette er ikkje ein post som skal hamre laus på at det må vere meir nynorsk i Dagbladet, men rett og slett eit undrande semikolon; for kva tenkte Dagbladet då dei ringte Olaug og ba henne skrive på bokmål? At ho var si eiga bokmålskusine i Østfold? Det er som å ønske nektarinar som skal i ein lifleg fruktsalat, men be om pommerans. Du får slett ikkje det du ba om, i beste fall veit du ikkje kva du ba om, men det går likevel. Argumentet om at mange nynorskingar skriv på BOKMÅL i Dagbladet, blir for enkelt, for sjølvsagt var Olaug flink i norsk sidemål, ho hadde sikkert seks, og klart kan ho presse fram bokmålsliner, på same måte som ho kan snakke andre mål; men i dèt dei spør henne, må det jo vere den særmerkte stemma til Olaug dei er ute etter, ikkje eit flatt omsetjingsspråk. At ein som skrivande menneske i avis ikkje ser at dette poenget er openberrt, synest eg er underleg. Sjå meir i Klassekampen.

2 Comments:

Blogger HPL said...

Synes jo at det er litt morsomt at når Klassekampen intervjuer Helge Torvund, så gjengir de svarene hans ... på bokmål.

3:08 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

He, he, det er lett å gå i fella skjøner eg. Det er rett og slett pinleg.

3:42 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home