lørdag, februar 12, 2005

Namnedag for Ragnfrid

Ikkje ante eg at det fanst ein dag for dei 183 med namnet Ragnfrid. Eg har alltid vore litt sår for dette, svensk av meg som eg er, at det ikkje fanst ein dag for namnet mitt. At Ragnhild, dette uoppfinnsame namnet, hadde dag og ikkje Ragnfrid, syntest eg alltid var eit hån. For ein skulle få oppmuntring når ein går gjennom livet med eit slikt særmerkt namn. Eg diggar namnet mitt, eg hadde aldri lyst til å heite Nina eller Anne- Cath. som venninnene mine ønskte. Eg skjønte ikkje korleis eg kunne skiljast frå namnet mitt, det var ein umogeleg tanke. Mang ein gong har eg møtt medynk når folk har hørt kva eg heiter, men eg har så ondt av folk som går rundt og heiter det som alle andre heiter. Korleis finn ein identitet i sitt eige namn slik? Eg spelte fotball med Line, Line Ø og Line Mort. Stakkars Line Ø. blei berre Line Ø. Ho fekk ikkje ha sitt eige namn i fred, fordi det var ein annan som hadde fått halde på det åleine. Vi hadde to Trude og to Heidi på laget også.

No briskar eg meg, det er tydeleg. Men eg er så glad over å få ein namnedag, sjølv om eg må dele den med Randulf-ane. Eg som så ofte blir kalla Ragnhild, Rangfrid, Rannvei, Rettfrid, Pangfrid, Regnfrid, Langfrid (eller som den samiske fetteren til Ebba sa då han var på besøk på Galnåsen, og ringte på hos meg for å spørje om eg kom ut for å spele krokket: - Er LangeFredag inne?). Eller flybilletten eg hadde her for ei stund sia, kor det var Ragnfired som skulle reise.

To Trine ei tid, det hadde vi også på fotballaget. Ei lys og ei mørk.

Eg hugsar Steffen RMS. ein gong kommenterte at det var så merkeleg at dei unge, kvinnelege nynorskforfattarane heitte Olaug, Gunnhild og Ragnfrid (sleng ein på Inger, ho debuterte seinare, men det er same stilen), slike urnorske namn som ikkje kan gøyme seg i eit hjørne. Dei er ikkje korte og lette og enkle å be i bursdag. Dei er brynjenamn. Kva er det med nynorsk og brynjenamn? Svaret er innlysande: Det er lærar/lektorborn som har slike namn (eg vil presisere at eg er lektorunge IKKJE lærarunge. Den skilnaden lærte eg meg i seksårsalderen, på same tid som vi lærte å bøye ma∂r, altså det gammalnorske ordet for mann, i alle kasus ( ma∂r-mann-manni-mann-menn-manna-monnum-menn). Det finaste er når namnet mitt blir sagt på færøysk: Ragnfreu∂, med mykje poetisk pust.

Det er kanskje på grunn av namnet mitt at eg bur på vestlandet no, ein kjenner seg meir heime her, for der eg kjem i frå heiter dei Jack Steve, Chriss Roger, Glenn Tommy (staute gutar alle i hop, særleg GT) Fay, Ju-Anita (etter ein svensk song: - Ju-Anita, jag vil alltid komma i håg dig, och jag minst....).

Men det kan jo bli for mykje av det gode: Eg budde saman med Brynhild i kollektiv ein gong. Plutseleg sat vi rundt same bord: Brynhild, Ragnfrid, Leikny og Mannfrid.

Då lengta eg nesten heim til Kem-Broger-land.

Så gratulerer med dagen til Ragnfrid-folket, alle 183, og spesielt til dei 6 som av eit absurd samantreff heiter Ragnfrid med eit gresk mellomnamn som byrjar på H.

6 Comments:

Anonymous Nebbet said...

Gratulerer!

6:18 p.m.  
Blogger Elandria said...

LOl, stili da:-D Navn har alltid fasinert meg. Må være en av de få 15 åringer som heller vil ha navneleksikon enn sminke, slikkerier og fotballdrakt. Synes nesten at det er synd det ikke er mer fokus på navn her i Norge. Vi feirer ikke navnedag en gang!!! Har muligens ett av de kjedeligeste navnene i verden selv, kanskje derfor jeg foretrekker Elandria...

Vet du forresten hva navnet ditt betyr?:-)

Hilsen Elandria ;-)

Glemte jeg nesten... Greske mellomnavn på H? Noe jeg har gått glipp av?

1:04 a.m.  
Blogger MGL said...

I anledning Ragnfrids navnedag, så har jeg postet et eksempel på hennes vanskelige hverdag på bloggen min. Ikke et eneste av de tre navnene er korrekt.

6:30 p.m.  
Anonymous ragnfrid said...

Første ledd -ragn, betyr "beslutning/råd", andre ledd -frid, betyr vakker. At jeg som eneste planlagte barn i en flokk på fire fikk et navn med en slik betydning, er vel bare på sin plass.

6:47 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Og Elandria:Jeg har alltid lest dødsannonser og navnebøker med største interesse. Det beste var da jeg var på besøk hos noen i en fjord nordpå, hvor det var dårlig antennedekning for teve. Som underholdning leste vi "Mitt Distrikt"-katalogen. Det er fabelaktige navn i Nord-Norge.

6:50 p.m.  
Blogger Torunn said...

Jeg tror det er en grunn for at vi ikke feirer navnedag i tillegg til alt det andre, det ville rett og slett bli for mye å feire. Hvis vi tar 3 av 4 i min familie og tar med navnedagen i ting som skal feires rundt nå, ville vi feiret 5.,7.,13.,18.,23. februar og 1. mars (ikke at det hadde gjort meg noe å feire alt sammen, men hvordan skal man få tid til det når det 6 av 7 dager er noen som har trening eller andre aktiviteter?) Men på pappa sin navnedag har vi ofte kake og greier (det kan selvfølgelig ha noe med at mamma har bursdag den samme dagen).

3:31 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home