fredag, februar 25, 2005

Bokmelding av hørespelet Dobbeltgjengaren+Årboka

Eg har vel ikkje nevnt tidlegare at hørespelet Dobbeltgjengaren som eg skreiv for NRK i 2002, kom i bokform i fjor. Det er ikkje ofte at dramatikk blir trykt, og særleg ikkje dramatikk skrive for barn og unge, så soleis er eg stolt over at Samlaget ville gjere bok av hørespelet. No føreligg den første (og sikkert einaste bokmeldinga, sia det er ein særs smal sjangar det er snakk om her: Dramatikk for barn og unge) på barnebokkritikk.no. Dramatikk er aldri nokon kioskveltarsjangar, men eg hugsar godt at vi ungane på Galnåsen las dramatikk og spelte det ut på stovegolvet for kvarandre. Mykje av den kunstnarlege (og sportslege for den del, men det kan eg kome inn på ein annan gong) utviklinga til både meg og DNS-skodespelar-venninna mi Ellen Birgitte kan vi takke det manglande SFO-tilbodet for. Så eg får ha trua på at det finst nokre dramatikkinteresserte barnesjeler rundt om som har lyst å ta opp Dobbeltgjengaren,sjølv om SFO no er oppfunne.

Elles har eg skrive ein artikkel om ungdomslitteraturen som kunstarleg utfordring i årboka litteratur for barn og unge, som kom no nyleg. Det er ei god samling artiklar om aktuelle Bu-bøker, som alle litteraturinteresserte og formidlarar av alle slag bør få med seg.

3 Comments:

Blogger Elandria said...

Det høres jo bra ut da:) Grattis:D

Men du, æ ska holde et lite "foredrag" om dæ på skola på torsdag... E det nåkka spez æ bør få med mæ? Spørr han Martin også da e du snill, han har sekket nåkka ;)

Da æ sa tel lærern at æ sku ha om dæ så fikk æ et: "hmf... ho dær ja..." tel svar... Følte mæ litt småførnærma over å få den reaksjon på yndligsførfattern min...

Æ vil gjøre dettan bra... Har du nån tips?

På førhånd takk,
Lady Elandria

10:47 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Hvis læreren svarer hmff ho der, skal vi sørge for at du skriver verdens beste foredrag.Send meg en e-post, slik at jeg får adressen din igjen.

8:23 a.m.  
Blogger Veleda said...

oh, kopier den e-posten og send den til meg også da! (hvis det er greit) skal ha foredrag om en norsk forfatter fra etter 1940 snart, og da tenkte jeg jo selvfølgelig på deg :D Vet ikke helt når det blir, men er jo bestandig greit med notater på forhånd. (epostadr: catta_dr@hotmail.com) tror jeg har mista din..

6:21 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home