fredag, januar 21, 2005

Skriveleirinnsatsen har gode konsekvensar

Sjå Rana blad og ein av grunnane til at det er viktig med slike ting som skriveleir for ungdom. Eg blir hoppande glad over at dei skriv, held fram med å skrive og i tillegg lagar bloggar for å skrive enno meir, kommentere kvarandre, osv. Til sommaren skal eg både på Litteraturleir for Ungdom i Barents (denne gongen Russland. Eg gler meg, om enn ikkje til to dagar, to, eg tar opp igjen, to dagar i buss) og på litteraturleir for blinde og svaksynte ungdommar frå heile Norden. Det er første gong ein slik Nordisk skriveleir for synshemma ungdommar blir arrangert i Norden, og eg er spent på ein god måte. Det eg er aller mest nyfiken på nett no, er korleis ein surfar på internett når ein er blind. Eg har skjønt at det finst eit program, men korleis fungerer det? Kan nokon svare på det?

2 Comments:

Blogger Torunn said...

Jeg gikk og tenkte på det med blinde og internettet på veien hjem fra treninga i dag, så jeg måtte jo nesten finne det ut...

Det er en talemaskin som gjengir innholdet på skjermen til syntetisk tale, og en boks hvor det hele kommer opp som blindeskrift.

Og her kan du laste ned en skjermleser for blinde.

Da lærte jeg noe nytt i dag også.

1:41 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Takk! Da lærte jeg også noe i dag. Supert! Ha en strålende dag.

2:00 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home