søndag, januar 30, 2005

Nattradio, heim, Øst-Vestekspressen og ekko av noko som var/-er

”Ein dag skal alle til Byrkjelo. Og ein annan dag skal dei reise derifrå. Det kjem til å vere haust, og regnet kjem til å piske dei trynet, for det er langt til Byrkjelo, men vegen heim er lengre, og dei kjem til å fryse så det ikkje er ein nerve igjen i kroppane deira, og det kjem til å kome trailerar forbi, dei svingar ikkje unna, ikkje fan, og det einaste dei ser, er lysa på andre sida av fjorden, for det
kjem til å vere midt på natta, lys kjem dei ikkje til å ha, og ikkje mat, og ikkje tørre klede, og du kjem til å sitje der og banne, for du skal dit, du òg, du slepp ikkje unna, ikkje fan, og du kjem til å stoppe for å hoppe i fjorden, men det går ikkje, du finn ikkje fjorden, men det går ikkje, du finn ikkje fjorden, det er fan meg for mørkt, og kvar vart det av sommaren?” -Øystein Vidnes- Bondeforteljingar

*
Bussen syg seg innover vegen, det er fredag kveld og fire lange timar. Vi ser film, eg smiler lurt til veslebroren min, han har kjærasten med seg og alt, det er første gongen dette, ho skal bli ein del av dei høgrøsta diskusjonane om kommareglar og pustemekanismar hos virveldyr. Vi er vaksne, bror min og eg, vi har kjærastar og skal på besøk til den enno vaksnare broren som er gift og har hus på landet.

2+2=4
- Der! Eg peikar akkurat når det er for seint. Landbruksskolen på Voss. Far vår gjekk der. Ingen skjønte kvifor. Han kunne gått på Kleiva, eller Finnsnes. Han ville så langt vekk, at ingen kunne vente han heim igjen.

Eg kviskrar kjærasten min i øret. Peikar ut vindauget: - Her var det eg stod og haika den gongen for 11 år sia. Hjelpepleiaren frå Hardanger tok meg på, vi skulle same vegen; men hadde eg aldri vore i Stalheimskleiva? Aldri? Så tok ho meg opp til Stalheimskleiva. Som ei tante eg var nær, eller ei mor. Ho viste meg utsikten frå Stalheim Hotell, og sa nøgd: - Sånn, no har du sett det.

Vi ser Big Fish på DVD, har utgang med splitt og kvar sine øretelefonar. Alt eg kan tenke på er far min. Han var berre ei einaste rørsle. Ikkje eitt punkt kunne gjere krav på han. Ingen kunne gjere krav på far min.

Av og til hørte eg på nattradioen. Det var tidleg nittital, seint åtti kanskje, eg hørte nattradio og græt kvar gong. Det lukta kjellerstue, veggseksjon,potetgull og eit kvardagsliv eg aldri hadde vore ein del av. Eg var glad eg ikkje var ein slik person. At vi ikkje var sånne med kjellarstue og campingvogn, som sendte meldingar frå trailerturar heim til ho Lill-Venke i Mosjøen. Så steike glad, var eg. Likevel græt eg. Eg gret enno kvar gong eg sveipar innom nattradioen. Det livet eg aldri hadde, aldri ville ha, men likevel alltid sakna.

Dette er ei Jan Johansen-oppleving, tenkjer meg med meg sjølv ,der eg sitt på bussen som så mange gongar før, sitt på Øst-Vesten og tenkjer på Nattradioen. Eg elskar Christine Koht .

Jan Johansen er nøgd med livet sitt. Eg lurer på om eg nokon gong blir så nøgd som Jan Johansen.

Det er

Det er svart og tomt i Flåm. Flam-Flaam-Flaaam. Sånn sa eg det alltid til turistane mine. – Have you been to Flaaam yet?
Eg veit ikkje om kjærasten min har vore i Flåm. Det er så mykje ein ikkje veit, så mykje ein gløymer å spørre om.

Folka på bussen minner meg om noko, det som var før, då folk ikkje drakk eitt glas vin til maten. Då tacos var på høgda.

- Følg med i tunnelen! Stemma mi går på likt med veslebroren si stemme. Vi er ivrige, vi vil at dei nye, at kjærastane skal få alt med seg.


Vi nærmar oss.
- Skulle tru dykk kom her i frå, seier ein av kjærastane.
Eg veit ikkje kva eg skal svare. Har veslebror min og eg lov til å kome frå Sogn?

Tunnelen er trollblå som vanleg. Det gjer trygg. Snart kjem skiltet, så kjem rundkjøringa, så tar vi ned til venstre. Vi kan det i søvne, bror min og eg.

- Kor lenge skal ho vere heime? Hadde kona oppi bygdi spurd, då eldstebroren sa at eg skulle kome på besøk til Indre Sogn.

Heime.

Så står dei der: Storebroren som alltid har passa på, så står han der i døra med mannen sin, og dei seier velkomen tilbake til dei gamle, velkomen inn til dei nye.
Borte- Heime_ Uavgjort-

Det er Nattradioi lufta.

(no er det søndag kveld, og Hurtigruten går forbi vindauget mitt nett no mens eg skriv dette. Eg ser ut vindauget mens eg tastar dette. Hurtigruten går frå ein heim til ein annan heim).

3 Comments:

Blogger glassdråpe said...

det må sies at dette var veldig fint å lese.

12:31 a.m.  
Anonymous Anonym said...

det må det

8:54 p.m.  
Blogger Elisabeth said...

Jeg må si meg helt enig.

6:44 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home