torsdag, november 25, 2004

Vidar Vang

Istadenfor å reklamere for meg sjølv heile tida (pent oppslag i bokbilaget til Dagbladet i dag), vil eg anbefale Vidar Vang and the Northern Men på Garage i kveld. Ein av desse nordlege mennene er Gaute som kom frå Bjerkvik til Hunstad/Mørkved i første gym, og han redda det året. Det einaste lyspunktet på Bodin vidaregånde var at det kom eit langhåra gitarspelande svømmetalent frå Bjerkvik. Eg gler meg stort.

2 Comments:

Blogger Espen said...

Bjerkvik har vore og er under Amerikansk okkupasjon, trass i at dei vart bomba av alliansepartneren Britane på førtitallet, har okkupasjonen hatt støtte i lokalbefolkninga. Og det norske republikanske partiet (Høyre) har stått sterkt i bygda.

Dette er Vidar Vang sin musikk et uttrykk for. Han syng som om han hadde bodd i junaiten: Ei okkupert sjel uten eiga historie.

Ps
Når det er sagt, så er han sikkert ein grei fyr i seg sjølv.

pps
Er jo litt sur for at det, rett nok lite omfattande, kroppsarbeidet som ble gjort i samband med flytting ikkje er blitt blogga på nokon som helst måte.

ppps
God tur på Garage.

10:27 a.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Du har heilt rett, det hørest ut som Amerikamusikk, og det er ikkje rart at dei er populære på P1 og Nord-Norge, det er ein slags form for Amerika. Vang sjølv kjenner eg ikkje. Han er nok triveleg, det ser slik ut, men det ser også ut som om han er speidarleiar for ein patrulje som er hakket meir lurvete enn han sjølv. Men det var ein hugnadsam kveld, og verkeleg triveleg å treffe Gaute, ein av dei greiaste eg kjenner heimana.

4:25 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home