fredag, november 26, 2004

Honnør til Edvardsen, Hovland, Hjelmeland

Eg ser at det er misnøye med at flyttemannfolka ikkje fekk skryt på bloggen, og dette skriv seg kanskje tilbake til oktober då Vidnes fikk skryt, og eg orsakar på det sterkaste. Det handlar om manglande nettilgong i heimen og rainndina som vi seier i Meløytraktene. Parasitten herjar framleis hos folk. Men her kjem det: Takk til Espen, Dag og Christer som, i tillegg til heisen, var særs godt flyttemannskap. Og Espen: Du holdt på å gå glipp av den første innflyttingsfesten gjennom tidene sia du skal sprade nede i Sydens land og rike ei vekes tid, men etter hardt press frå kjærasten din, ventar vi til kloss oppunder jul.

5 Comments:

Blogger glassdråpe said...

så lenge vidnes får skryt er alt tillat. ny regel:)

3:17 p.m.  
Blogger glassdråpe said...

hmrf. litt problemer med de doble konsonanter:) unnskyld.

11:13 a.m.  
Anonymous Anonym said...

Det vil eg seie er ein god og teneleg regel.

ø

7:15 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Og eg kunne jo nytte høvet til å orsake at eg ikkje var i flyttelaget denne gongen. Slik går det når ein ikkje høyrer etter når telefonen fell ned i snøen og blir liggande, og må gå rundt utan, utanfor den illusoriske fellesskapen vi har gjennom desse små dingsane som vi lit på, men som er så lette å miste.

7:20 p.m.  
Blogger glassdråpe said...

mm. hvilte noe poetisk over den kommentaren.
om snø som kveler stemmer og telefontråder etc.

overpoetiserte silje...

1:51 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home