onsdag, oktober 06, 2004

YES, I'M A BLOGGER NOW! JA, EG BLOGGAR EG ÒG!

Det kjenst merkeleg å skulle skrive sin første bloggnotis.Eg har lenge tenkt at eg burde ha meg ein sånn blogg. Ei eg trefte ein gong, sa overraska: - Du er ein sånn eg rekna med hadde blogg! Eg trur det var Karin Haugen. Karin Haugen er ei av dei tøffaste damene som finst. Ho har sikkert ein blogg. Det har i alle fall Susanne Christensen og Olaug Nilssen, eg skal linke min til deires, men eg er redd dei trur eg hermar.

Og: Mediet fangar: Med ein gong det er nynorsk og blogg, går tankane og orda til Olaug. Eg er redd for å bli Olaug-epigonet. Eit anna problem med denne blogginga er språket. Eg veit sanneleg ikkje kva for eit språk eg skal skrive. Engelsk, norsk eller bokmål (eg måtte berre, enno eg ikkje er verken nyfrelst eller født nynorskbrukar). Det er Martin, den finaste kjærasten ein kan ha, som hjelpte meg med å starte denne bloggen. Ungdomane kan slikt. her er Martin sin blog.

Meir seinare, no må eg ete fårikål. Eg har nyleg slutta å vere vegetarianar. No er det omnivore.

2 Comments:

Blogger MGL said...

Jeg vil ha meg frabedt å tiltales som "ungdomane."

Du har helt rett i det der med herming. Jeg kommer aldri til å skrive en roman, da tror folk bare jeg hermer etter Cervantes. Og særlig ikke på norsk! Da tror folk bare at jeg hermer etter Alexander Kielland. Og iallefall ikke på nynorsk! Da tror folk bare jeg hermer etter deg.

Preemptiv disclaimer: ingen nedverdigende mening intendert med begrepsparret norsk-nynorsk.

12:19 p.m.  
Anonymous Anonym said...

Kjære Ragnfrid. Nynorsk for alle!
Gratulerer med fleirspråkleg blogg.
Olaug

7:38 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home