lørdag, oktober 09, 2004

God omtale til Øystein Vidnes m.fl.

Eg har lova Øystein Vidnes god omtale, sia han var så staut og hjelpte meg med flytting i går. Takken går sjølvsagt til brørne mine, Hallvard og Trygve, svogeren min Jon og Kjærast-Martin. Men eg blei særskild glad for at Øystein tok seg tid, ikkje berre fordi flytting kjenst som eit av desse siste, gode dugnadsprosjekta ein som venner tar del i, men fordi det slo meg at det blir ikkje flytting utan Øystein. Vi har begge flytta rundt i byen, og nesten alltid har vi hjelpt kvarandre med flyttinga. Dette droget, denne angsten og svevnløysa som flytting på mange måtar er, forandrar seg med eitt ein har fine folk til å hjelpe seg. Når ein står igjen med ein heil del ting som ikkje er eins eigne, men som ingen andre er der til å ta seg av, er det godt med brør, kjærast og Øystein Vidnes. Det var berre Ebba som mangla, så hadde det vore eit heilt familie-mafia-prosjekt. Men eigentleg var det greitt at Ebba ikkje var der, for det skulle liksom vere meg og "guttan". Heilt riktig. Det var "vårres kara" og Øystein var heilt klart ein av "vårres kara". Det har eg visst i all tid eigentleg, men eg såg det så tydeleg der vi stod og lempa møbler på eit lager inni Arna seint på ein fredag ettermiddag. Så åt vi flyttemannskost på Pastasentralen. Eg sov betre enn på lenge. Det var det med denne flyttinga.

1 Comments:

Anonymous Anonym said...

Takk for god omtale! Etterkvart har eg flytta så mykje at det blir noko heimekoseleg over det. At trapper, kasser og kassebilar kjennest meir heime enn heime.

ø

11:26 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home