lørdag, oktober 30, 2004

Galnåsen rockar igjen!

Apropos heimlengt: No har nok ein frå nabolaget debutert med roman, nemleg Ero Karlsen. Boka heiter til og med Bodø. Det har kome meg for øret at Hunstad Ungdomsskole ønskjer å ta sin del av æra, sia Endre Lund Eriksen, Ero Karlsen og meg sjølv alle har gått der. Men det er ikkje mor mi einig i: - Det e no ikkje skolen, men heller heimemiljøet sin førtjænst at dokker e så flenk.