søndag, oktober 10, 2004

Eivør Pàlsdottir

Sjekk heimesida til den vakraste røysta i Atlanterhavet, nemleg Eivør Pàlsdottir. Om nokon der ute er enno meir stø i færøysk enn eg er, så tar eg gjerne mot informasjon om når og kvar ho held neste konsert. Eg går gjerne ned på kaien og tar første båt til Færøyane.

2 Comments:

Blogger Vidar Lund said...

Hei Ragnfrid! No er det lenge sidan eg var på Færøyane, men det som står i teksten på heimesida hennar er om lag dette:

Musikken har alltid legi fremst i hugen hennar Eivør, og dette har ført til at ho har gjort mangt og mykje i musikken.

Eivør har sidan ho slutta på skulen fari rundt med ymse grupper, Ivory, Yggdrasil, Clickhaze og Krákuni, i heile Norden. Ho har kryssa Atlanterhavet 3 gonger for å syngje, og Tyskland og Sveits har og vorti vitja av Eivør, og det er ingen tvil om at ho dei siste åra har sett sterkt preg på den færøyske musikkscena.

Dei største [løturnar] til Eivør har vori at CD-ane er komne ut, og at ho vann ein islandsk musikkheiderspris.

Den største oppgåva som ligg framføre Eivør nett no, er at ho lagar musikk til eit islandsk skodespel som blir vist i haust. I april 2005 er det meininga at Eivør skal ha ein konsert med eigne tonar saman med eit islandsk kammerorkester. I samband med dette skal eit utval av tonanehennar bli arrangerte for orkester.

Ellers har Eivør planar om å utdanne seg meir, fyrst og fremst ved å ta songtimar hjå folk som ho har stor vyrdnad for, t.d. Kiri Te Kanawa og Bobby McFerren. Andre musikarar som Eivør ynskjer å arbeide med i framtida er Jan Garbarek, Johnnie Mitchell og Leonard Cohen.

Det høyrest kan hende ut som store mål, men Eivør er utan tvil i særklasse, og har synt seg å ha ein evne til å nå måla sine, så det blir spanande å sjå!

9:33 p.m.  
Blogger Ragnfrid Trohaug said...

Tusen takk Vidar!
Å lese færøysk for meg som ikkje kan det, er som å høyre radio, akkurat litt for lågt-
Eg fekk med meg ein konsert med Danmark Radios Big Band, der Eivør Pàldottir var med. Heilt fantastisk! Det einaste var at ho hadde gått i etno-klede-huldrefella, just som Herborg. Men høyr henne om du får høve!

5:44 p.m.  

Legg inn en kommentar

<< Home