fredag, desember 15, 2006

Guten og klumpfoten- Rasmus Løland strikes again

Guten med klumpfoten (tittelen er litt rar, for det er ikkje Haldor, guten, som har klumpfot, men ein gammal kall som kjem på legd i bygda)

For tida les eg Rasmus Løland. Som mange andre kanskje, tenke eg før eg gav laus, at: "jo, han var ein viktig grunnleggjar for barnelitteraturen, men kor bra er det i dag?”. Etter å ha lese mykje av Løland, er eg stum av beundring. Han skildrar barnesinnet på ein meisterleg måte, karakterane har tvil, tru, sinne, byrgskap, vondskap, og alt dette skildrar han utan å vere moralsk. Det kjem aldri ein peikefinger frå dei vaksne, ungane kjem sjølve til innsiktene om kva dei har gjort gale, og det er slett ikkje sikkert at dei ber om orsaking, eller seier at det har gjort det dei har gjort. Det er så framsynt og moderne det heile, at eg blir heilt utan ord. Det er mange gode døme på dette, og her kjem eitt av mange. Dette er ikkje mi absolutt favoritthistorie av Løland, men skildringa av denne guten som går frå å vere gullunge til å bli alvorleg slem, er presis og imponerande truverdig.
Denn forteljinga handlar om Haldor som er ein gutunge i ti-årsalderen (trur eg). Han har alltid vore så flink til å hjelpe til heime, og er aldri sein å be om nokon ting. For som han seier i byrjinga av historia:

”Aa vera kar vart det største han visste. Men aa vera unge vart det laakaste av alt i verdi, og han skunda seg aa leggja av alle dei ungevanar som fanst. Han grein aldri for maten eller leksone. Han sagde aldri nei som hine ungane, naar mor hans bad han å gjera eitkvart.”


Men så kjem den halvvaksne Aasmund til gards, og han ertar Haldor for at han er så liten, at han ikkje kan røyke, at han er så lydig og ikkje finst eigenrådig. Og då går det som det må gå, Haldor blir tverr og sur, han gjer ikkje som foreldra seier, og endå verre: han går lengre enn noken av dei andre når det gjeld å tirre stakkarslege folk, krokbøygde koner og fattiglemmar som er på legd.

Han får til sist ris av far sin for å ha plaga ein fattikar med klumpfot gong på gong, dei som har denne fattigkaren i hus, har sagt i frå at no må det bli slutt på plaginga, for klumpfotkaren var så villstyrleg sint kvar gong han kom i hus etter å ha vorte plaga slik.
Men Haldor angrar seg ikkje etter han får ris, han begynner heller å hate foreldra intenst.
Det går så langt at han ein dag resten av familien er vekk, planlegg han å plage klumpfotingen igjen. Men gammalkallen kjem gutungen i forkjøpet og gyv laus på Haldor med ein staur, og slår gutungen mest i hel. Hadde det ikkje vore for at nokre av dei halvvaksne gutane hadde vore i nærleiken, hadde Haldor vore ihelslegen.

Haldor vaknar i senga si etter å ha vore borte:

”Eine armen hans var nok avbroten og hovudet blodut og blaaslege. ”Men korleis kunde du vente anna, naar du heldt paa soleis?! Sa [mor hans] til slutt og turka seg i augo.
Han laag og kava og freista aa finna eitkvart aa orsaka seg med, men kunde ingen ting finna. Alt hadde med eitt vorte so vesalt og laakt, og alt han hadde gjenge her og streva for og gjort seg til av, hadde vorte saa meiningslaust smaat. Og for dette hadde han gjort foreldri sine imot, til han sist paa gjekk her og bar hat i mot dei… foreldri som alltid hadde vore so gode mot han. Han kjende seg so underleg liten, at han snautt vaaga aa sjaa upp, og ordi hennar mor gjekk som stikk gjenom han, endaa dei var so stille og varsame. Det var som det heldt paa aa smelta noko inni han, som lenge hadde vore tilfrose. Han laag lenge og stridde, stridde med seg sjølv- so braut han ut i ein saar graat.”

Ny Tid om bildebøker i barnelitteraturen

Her skriv Sigri Sandberg Meløy om bildebøker og barnelitteratur. Så bra å lese om slikt andre stader enn i særinteresseorgana.

tirsdag, desember 05, 2006

Nøste Kendzior er død

Nøste Kendzior er død. Mitt beste førebilde på korleis ein kan vere Nordkalottisk og Europeisk på same tid. Vere det sterkt og elegant i skrift og veremåte, ho insisterte på ei samansmelting av periferi og sentrum. Ho peika veg. Det finst for få slike, og no er den sterkaste av dei alle vekk.

fredag, november 24, 2006

Bla, bla, bla

Det siste eg seier om namn på ei stund (trur eg).

onsdag, november 22, 2006

SSB og artikkel om namn, og kven som gir kva slags namn, og kvifor

Her er SSB med interessante innspel om namn

fredag, november 17, 2006

Fritt fall fra fjerde

Ein mann ramla ut av fjerde etasje i natt. Eg sov trygt utan å vite at ein mann mista livet utanfor eit vindauge like ved. Eg hørte det på nyheitene i morges, og kunne ikkje tenke på anna enn teaterstykket Fritt fall fra fjerde som Hålogaland Teater sette opp, om kor rart eg syntest det var at ei så lita dame spelte ein mann i dress, at ho såg ut som ein liten, rar mann der framme på scenen, og eg hugsa også at eg insisterte på at eg såg dårleg, dette må ha vore i -85 eller -86, - 87, eg var ni eller elleve, og hadde så utruleg lyst på briller, så der satt eg då med mor mi sine dame edna-aktige sekstitalsbriller på nasen og såg dette stykket og meinte at det var MYKJE betre med briller, og no i ettertid kan eg le, for no veit eg at eg aldri har vore nærsynt som mor mi, men derimot langsynt som far min og slett ikkje såg bra i rarebrillene, og når eg no leiter på nettet finn eg ikkje denne forestillinga nokon plass, ikkje i HT sine arkiv, så var det då Riksteateret, eller berre eit hol i den historiske kunnskapen til HT, det eg derimot finn er at dei spelte Kranes konditori i -86, og med eitt kjem bilde av Elsa Lystad fram, og på lista står også Fødselsdagsselskapet av Pinter, og eg kjenner på meg at vi såg det også, og eg merker med meg sjølv at det har sine gode sider å berre ha ein forelder og ingen besteforeldre i live eller byen; når riksteateret, nordland teater eller HT kom til byen måtte vi ungane med. Vi var aldri for små. Nokre gongar er det fint å ikkje vere for små. Fritt fall fra fjerde.

søndag, november 05, 2006

Observasjonar. Første veke i Oslo

Dette slår eg fast etter ei veke som Oslobu:

a) bilførarar er elendige til å stoppe for fotgjengarar som står på zebraovergangen, klart til å gå over gata.

b) vêret ER betre enn i Bergen, i.e. ein treng ikkje gå med regnty kvar dag.
Her må eg føye til at eg føler at eg er i same situasjon som grønlendaren eg kjenner. Då ho kom til Danmark som femtanåring tore ho ikkje legge seg ned for å sove, fordi ho var redd trea ikkje skulle vere der neste dag. Eg vaknar jublande kvar dag det ikkje er regn.


c) Grünerløkka er komisk nittitals. Her er det salsa og guacamole over heile linja framleis, mens ein andre stader (les Pingvinen i Bergen) har skjønt at utelivsavantgardisme er heimelaga kjøttkaker og lapskaus.
Dessutan er det litt trist med desse som var hippe for ti år sia, som no trillar barnevogn, går rundt med den same arrogante hippe-mina frå den tida nabolaget deira verkeleg var cutting edge.

d) et er frustrerande å vere avhengig av naboens usikra nettverk. Eg har slått fast at det å bu utan internett ikkje er ei botsøving eg skal halde fram med.

e) overgangen til austlandet er definitivt mjukare når ein er på arbeid med nesten berre vestlendingar og telemarkingar.

f) mødrer på vestkanten snusar!

fredag, november 03, 2006

Trohaug langar ut mot bokklubbane

Dette seier den nytilsette redaktøren i Samlaget om tilhøve mellom bokklubb og nynorsk. Og tysdag blir det nettmøte om barnelitteratur same plass. Spør! Spør!

tirsdag, oktober 31, 2006

Flytteri, flyttera

No har eg flytta, eller rettare sagt: eg har blitt pendlar. Ein slik med familie og hus ein stad, og hybel og arbeid ein annan stad. Eller, interessant nok er det ikkje heilt sikkert eg har familie, for eg er ikkje gift, og då må likningskontoret bestemme om eg er pendlar med familie ein stad og arbeid og hybel ein annan stad. Sambuarar er pendlarfrådragets parikaste, saman med vidaregåandeelevar.

Eg gledde meg til austlandet mest på grunn av snøen, skiføret. Bestemte meg for lenge sia at eg skulle spare til nye ski, at det var det første eg skulle kjøpe når husleiger og flybillettar var betalt.

Og i dag snør det.
Det snør for meg, trur eg.

Eller, la meg vere ærleg: Det sklettar som ein seier i Nord-Norge, altså denne mellomtingen mellom vatn og snø.
Men likevel, eg tolkar det som ei snøhelsing til meg.

Eg gler meg til arbeidet.
I morgon tar det til.

fredag, oktober 27, 2006

Over høgg og belegg

Nyleg hadde vi Sigrunn på besøk, og det viser seg at vi har vore utsett for same lærar til ulik tid og ulikt sted. Ei feiande flott dame som er hakket for glamorøs i norske vidaregåande klasserom, og som med mange år i utlendigheit ikkje har heilt styr på norske ordtak.
Vi lo oss fillete då Sigrunn kom med følgande sitat frå klasserommet, lærarens kommentar til at haustplanen ikkje var så fyldig då dei fekk den utdelt:

- Jeg legger kjøtt på benet mens jeg går.

Så no oppmodar eg alle lesarar til å skrive inn slike blanda metaforar som dei har hørt eller sagt sjølv.

her er nokre:

Det er ikke til å stikke under ei låvedør.

Det var som å pisse på bålet.

Gjerne engelske mixed metaphores også.